Riksmålsforbundet: Innvandrarar bør læra bokmål

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bør innvandrarar læra nynorsk?

I haust sette Noregs Mållag i gang ein kampanje for at fleire kommunar skal gå over til å undervise i og på nynorsk til vaksne innvandrarar.

– Folkeveksten kjem i dag av utanlandsk innvandring. Innvandrarar er viktige tilflyttarar for heile Distrikts-Noreg. Det er difor viktig at dei som buset seg i nynorskområde, vert godt integrerte og lærer det lokale språket, uttala leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø i desember til deira eigne nettsider.

I innlegget skryt ho av Årdal, som er den 43. kommunen som vedtek nynorsk opplæring for innvandrarar.

I tillegg har Voss, Ullensvang og Hjelmeland nyleg vedteke det same.

Ueinige språkforskarar
Men Riksmålsforbundet er ikkje einige i at innvandarar bør læra nynorsk, sjølv om dei er busette i nynorskkommunar.

– Vi må tenkje på den enkelte språkbrukar og omsynet til den enkelte asylsøkjar. 90 prosent av folket skriv bokmål og 10 prosent skriv nynorsk, og for personar som flyttar på seg og har ein annan språkbakgrunn, så trur eg det mest nyttige og praktiske vil vere at dei lærer bokmål, seier leiar i Riksmålsforbundet Trond Vernegg til NRK.no.

Han får støtte av språkforskar Finn Erik Vinje, som meiner at ein av menneskelege omsyn ikkje kan venta at ein innvandrar frå Afghanistan eller Syria skal kunna læra seg meir enn ei målform og at bokmål då bør føretrekkast.

Tidlegare leiar i Språkrådet, Sylfest Lomheim, er av ei heilt anna oppfatting.

– Viss det er slik at flyktningar som lærer seg å snakke nynorsk ikkje kan flytte til andre delar av landet enn indre vestland, så betyr det jo at nynorsk ikkje blir forstått i andre delar av landet, seier Lomheim til NRK.no.

Faktaboks

Nynorsk vaksenopplæring

Om lag 43.000 vaksne innvandrarar får i dag norskopplæring i Noreg.

I dag har berre 43 av 113 nynorskkommunar vedteke nynorskopplæring for innvandrarar.

Dei som har rett på gratis opplæring i norsk og samfunnsfag, er asylsøkjarane som ventar på vedtak eller familiemedlemer til innvandrarar som har fått opphald i Noreg. Arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS og familiane deira må sjølve betale for undervisninga. Arbeidsinnvandrarar frå EØS-landa har korkje rett eller plikt til norskundervisning, men kommunen kan setje i gang norskkurs for desse mot betaling. Kursa kan også vere gratis om kommunen ynskjer det.

Kjelde: Norsk Tidend