FN: Et denne i 2016

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Menneska har ete belgvekstar i tusenvis av år. No skal merksemda rundt denne næringsbomba aukast. 

Belgfrukter er ein del av erteblomstfamilien. Kjente vekstar er bønner, erter, linser, alfalfa, kløver, lupinar og peanøtter.

– Belgvekstar er viktige avlingar for matlagera i store befolkningsgrupper, særleg i Latin-Amerika, Afrika og Asia. Der er belgvekstar ein del av den tradisjonelle dietten og ofte dyrka av småbrukarar, sa José Graziano da Silva, generaldirektøren for FAO (FNs organisasjon for landbruk og mat), då FN-året 2016 vart lansert.

– Belgvekstar har vore ein viktig del av menneskematen i tusenvis av år, men i dag er ikkje ernæringsfordelane like mykje kjende og til tider lite verdsette, sa da Silva.

Verdsomspennande matingrediens
Historia til belgfruktene er sterkt knytt til historia til menneska. Dei første som brukte belgfrukter i maten var folk i Asia allereie i steinalderen. Sidan vart plantene spreidde til Amerika og Europa. Der vart dei viktige i kosthaldet som proteinsupplement for dei som ikkje hadde tilgang på nok kjøt.

LES OGSÅ:  Nordmenn et mindre kjøt

I dag er belgvekstar ein del av matkulturen og dietten i dei fleste delar av verda og ein nøkkelingrediens i mange nasjonale og regionale matrettar.

Det vert dyrka hundrevis av ulike belgvekstartar på verdsbasis. Dei er rimelege alternativ til meir kostbare dyreprotein, og dette gjer dei ideelle for å betre dietten i fattige delar av verda.

Tørka bønner, erter og linser kan lagrast i månadsvis utan å tape næringsverdien.

Mettande og sunt
Det er mangel på protein i verda i dag, men belgvekstar som kikerter, bønner, linser og erter har høgkvalitetsprotein i seg og kan vere eit viktig bidrag i kosthaldet. Belgvekstar er fulle av viktige næringsstoff, slik som minerala sink, jern og folat. Dei har også låg glykemisk indeks og lite feitt. Dessutan held dei deg mett – lenge.

Belgvekstar skal blant anna vere bra for dei med høgt kolesterol, diabetes og blodmangel. Sidan dei ikkje inneheld gluten er dei også bra for menneske med cøliaki.

LES OGSÅ: Matvarekjedene sel meir av sunne varer

I tillegg bidrar dyrking av desse plantene til ein berekraftig produksjon av protein gjennom lågt vassforbruk og nitrogentilskot til jordsmonnet. Belgvekstavfall som dyrefôr kan dessutan auke nitrogeninnhaldet i dietten til dyra, som igjen er bra for helsa og veksten til dyra.

Oppfordrar til samarbeid
Alt dette er bakgrunnen for at FN har valt å setje internasjonal fokus på nettopp belgvekstar i 2016: Dei kan gi betre helse, ernæring og berekraftig landbruk.

FN meiner det internasjonale belgfruktåret (International Year of Pulses) vil vere ei unik moglegheit til samarbeid gjennom heile næringskjeda, som kan utnytte planteprotein betre, fremje global produksjon av belgfrukter, betre utnyttinga av vekseljordbruk og setje søkjelys på utfordringane i handelen med belgfrukter.

Det internasjonale belgfruktåret har eit mål om å heve den offentlege merksemda rundt fordelane ved å dyrke og ete belgfrukter. Slagordet er «næringsrike frø for ei berekraftig framtid».

LES OGSÅ: Matvarekjedene sel meir av sunne varer

Kjelde: FAO/©NPK

kari@npk.no