Luke 22: Hakuna matata!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Swahili er førstespråket til mellom 5 og 10 millionar menneske, men den etniske gruppa swahiliane er berre på rundt 1,3 millionar menneske, som bur langs kysten av Sør-Somalia, Kenya, Tanzania og Nord-Mosambik.

Swahili er einaste offisielle språket i Tanzania og er arbeidsspråk i Den afrikanske unionen (AU) ved sida av arabisk, engelsk, fransk, portugisisk og spansk.

Språket er kanskje best kjent for å ha gitt oss livsvisdommen «Hakuna matata», kjent frå marekatten Timon og vortesvinet Pumba i Disney-klassikaren Løvenes konge (1994).

Verbforma hakuna tyder 'finst ikkje', og matata er fleirtal av tata, som betyr 'vanske', eller 'uro'. Heile uttrykket tyder difor: 'det finst ikkje vanskar'.

Safari er eit anna ord me – og mange andre europeiske språk – har fått frå swahili. For oss er safai ein ekspedisjon i Afrika for å sjå på eller drive jakt på ville dyr, men på swahili tyder ordet ganske enkelt 'reise', eller 'ekspedisjon'. Dette ordet er igjen lånt frå  arabiske safar, som betyr 'avreise', 'reise', eller 'tur'.

Kjelde: Allkunne