Reagerer på utnemning til Språkrådet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reagerer på utnemning

Rektor Curt Rice ved Høgskulen i Oslo, som fredag vart utnemnd til varamedlem i det nye styret i Språkrådet, vil ha meir engelsk inn i forsking og høgare utdanning i Noreg.

Venstre-politikar Guri Melby vart fredag utnemnd til ny leiar i det nye Språkråd-styret, der talet på medlemmer no er redusert frå ni til fem.

Som nestleiar får Melby med seg språkprofessor og tidlegare styremedlem Trond Trosterud ved Universitetet i Tromsø, mens administrerande direktør i Schibsted Forlag Jan Erik Knarbakk og fylkesleiar i Hordaland Høgre Liv Kari Eskeland blir med som styremedlemmer.

Nye vararepresentantar er høgskulelektor Eli Bjørhusdal og høgskulerektor Curt Rice.

LES OGSÅ:No kan du skriva «eit kompliment»

Skal styrkje norsk språk
– Språkrådet gjer ein viktig jobb for å styrkje det norske språket og språkmangfaldet i landet. Eg er glad for at vi har fått på plass eit nytt styre med så dyktige personar, og eg er trygg på at dei kjem til å halde fram det gode arbeidet for å nå måla i språkpolitikken, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland (H).

Eitt av dei vedtatte måla er å hindre domenetap for norsk.

– Norsk skal vere hovudspråket ved norske universitet og høgskular, heiter det mellom anna i språkmeldinga Mål og meining.

LES OGSÅ: Lite framandspråk i skulen: Kva kostar det oss?

Vil ha meir engelsk
Men i siste nummeret av Språkrådets eige blad Språknytt tok språkforskar Rice til orde for meir bruk av engelsk i forsking og høgare utdanning. Amerikanaren synest ikkje det blir forska for lite på norsk i Noreg, snarare tvert imot.

– Eg synest det skal utruleg mykje til for å forsvare å skrive ein doktorgrad på norsk, seier han mellom anna i intervjuet med Språknytt og peikar på at forskinga i all hovudsak er internasjonal og global.

Tidlegare leiar i Norsk Målungdom Vebjørn Sture reagerer i lys av intervjuet i Språknytt på utnemninga.

– No skal bokmålsfolket – endeleg – få ein legitim grunn til å klage. I julegåve frå kulturministeren har dei nemleg fått ein ny vara-bokmålsrepresentant til styret i Språkrådet. Han er rektor på Høgskulen i Oslo og Akershus og markerte seg seinast for nokre dagar sidan ved å etterlysa større domenetap for norsk språk i akademia, skriv Sture på Facebook-sida si. (©NPK)

LES OGSÅ: Moddi syng «Deilig er jorden» på nynorsk