Moddi syng «Deilig er jorden» på nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er det som lagar julestemning

Då artisten Pål Moddi Knutsen var 24 år, oppdaga han at den kjende julesongen «Deilig er jorden» finst på nynorsk under namnet «Fager er jordi».

– Eg blei yr av glede over å finna det ut. For meg har jula alltid vore på bokmål, fortel Moddi i ein video som NRK Kultur har lagt ut på Facebook.

«Deilig er jorden» blei laga av den danske salmediktaren Bernhard Severin Ingemann i 1850, og blei omsett til nynorsk av Gunnar Torgeirsson Rysstad i 1927.

LES OGSÅ: Den flygande strikkegenseren

 

Luke 3: Moddi elsker "Deilig er jorden" på nynorsk.Hvilket forhold har du til sangen "Deilig er jorden"?Vi deler 24 nordmenns tanker om dette i løpet av desember.

Posted by NRK Kultur on 3. desember 2015

Faktaboks

Fager er jordi

Fager er jordi, herleg er Guds himmel,
Glade gjeng sjelene pilgrimsgong.
Gjenom dei fagre rike paa jordi
Gjeng me til paradis med song.

Tider skal koma, tider burt skal kverva,
Ætt skal fylgja ættarrad.
Aldri skal tagna tonen fraa himlen,
Sjeli sitt glade pilgrimskvad.

Englane song det fyrst for hyrdingflokken,
Vent det tona for sjeli mødd:
Fred yver jordi, menneske, gled deg,
Oss er ein evig Frelsar fødd!