Vil gjere deg synleg i mørket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka er henta frå Vikebladet

Dei to ungdomsbedriftene «Look-up» og «Reflexive» frå Ulstein vidaregåande skule har dei siste månadane jobba hardt med oppstarten av eigne verksemder gjennom faget Prosjekt til fordjuping. Elevane skal lære å både starte, drifte og etter kvart avslutte desse bedriftene.

Paulina Misikiewicz, Renate Reite Mårstøl, Viviann Merete Ulstein, Stine Lien og Ingrid Øvrebøe står bak «Look-Up UB» som har fått utvikla eit mobilhotell.

– Vi tenkte at det er bra at folk er sosiale når dei er saman, ikkje berre sit med mobilen, fortel dagleg leiar Viviann Merete Ulstein. Bedrifta har fått i stand eit samarbeid med Ålesund fengsel som produserer mobilhotella for «Look-Up UB».

– Vi kontakta dei og dei ville gjerne gjere det, og deretter var vi på besøk der og laga ein avtale om produksjonen, fortel Ulstein.

LES OGSÅ: Vann med app som styrer straumforbruket

Svensk produsent
Emma Linn Hauge, Marita Aarvik Hestholm, Karen Sætre, Olai Kelly Hoddevik Kobbenes og Nancy Lillesæter står bak «Reflexive UB». Dagleg leiar Olai Kelly Hoddevik Kobbenes fortel at dei brukte ein del tid på å kome fram til kva produkt dei ønskte å satse på, men at det etter kvart dukka opp ein idé om ein refleksspray.

-Vi måtte tenke på om det var noko som mangla, noko det var eit behov for. Då kom vi inn på dette med sikkerheit, og om det var mogleg å kome på noko som kunne auke sikkerheita for folk, fortel Hoddevik Kobbenes.

Han legg til at kombinasjonen lysande hårstrekk og hårspray var med på å gje inspirasjon.

– Då kom vi ganske kjapt fram til refleksspray. Vi visste ikkje om dette var noko som eksisterte, og trudde det var noko vi hadde funne på sjølve. Vi fann nokre «jalla»-produkt på eBay, før vi fann denne svenske produsenten Albedo 100.

Dei produserer ein refleksspray som er usynleg på kleda i dagslys, men som reflekter lys frå til dømes bilar når det er mørkt.

– Gjennom dette produktet ønskjer vi å dekke eit behov for auka tryggleik i trafikken, at folk skal kunne bruke refleks på ein kjekkare måte, fortel Hoddevik Kobbenes.

Lærar Laila Muren fortel at sjølv om dette var eit eksisterande produkt, som også er mogleg å få tak i gjennom andre forhandlarar, så er det viktigaste for elevane at dei får lære og gå gjennom prosessen med å drive ei bedrift.

Hoddevik Kobbenes fortel at produktet har skapt mykje interesse og at ein har førehandsselt ein heil del, men at produktet også har møtt ein viss skepsis.

– Det er eit heilt nytt produkt og folk må ta det til seg og verte trygge på det, fortel han.

«Look-up UB» har også fått godt med interesse rundt sitt produkt.

– Det er mange som spør kva eit mobilhotell er for noko, men det er mange som synest det er ein god idé og seier at det er noko dei kunne hatt bruk for, seier Viviann Merete Ulstein. Ho fortel også at dei har valt å gje ti prosent av overskotet frå bedrifta går til ein barnelandsby for foreldrelause ungar i Durban.

LES OGSÅ: Hans Olav (21) skal leie Rederiforbundet

God hjelp og mykje arbeid
Dei to ungdomsbedriftene har fått hjelp frå kvar sin mentor i arbeidet med å starte opp bedrift. «Look-up» har hatt Rigmor Kleven som mentor, medan «Reflexive» har fått hjelp frå Kjersti Kleven.

– Det er fantastisk flinke damer og det er veldig kjekt at vi kan få input frå næringslivet, skryt elevane.

Ungdomsbedriftene nyttar seg av mellom anna Facebook og Instagram for å informere om produkta dei leverer, og «Look-up» har også fått hjelp til å sette opp ei eiga nettside for bedrifta.

– Det er som å drive ei verkeleg bedrift og dei har ansvar som om det var ei ordentleg bedrift, slår lærar Muren fast.

Elevane synest dei har fått lære mykje om kva som skal til for å drive ei bedrift, og kor mykje jobb ein må legge ned i ei nystarta bedrift.

LES OGSÅ: 300.000 inn etter kampanje på nett