Hans Olav (21) skal leie Rederiforbundet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt. 

– Eg er veldig stolt over å ha vorte plukka ut blant så mange gode kandidatar. Dette blir ein utruleg lærerik og spennande dag, der eg kan få innsyn i arbeidsdagen til ein toppleiar. På mange måtar er det ein draum som går i oppfylling, seier Hans Olav Vartdal Romestrand (21) frå Barstadvik.

Som dagleg leiar i studentbedrifta SeaGuard AB har han utmerka seg som ein av dei aller beste drivarane av ungdoms- og studentbedrifter i landet. No er han valt ut som ein av 30 elevar og studentar til å delta på Leder for en dag i regi av Ungt Entreprenørskap.

– Onsdag 14. oktober får han ein dag heilt utanom det vanlege når han skal vere skuggen til leiar Sturla Henriksen i Rederiforbundet gjennom arbeidsdagen, melder Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Leiarskuggane

«Leder for en dag» blir arrangert for trettande året på rad. Kronprins Haakon, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, og Innovasjon Norge-direktør Anita Krohn Traaseth er mellom toppleiarane som deltek på årets arrangement.

Ungt Entreprenørskap samarbeider med Manpower Gorup om arrangementet. Initiativtakarane ønskjer å synleggjere grunderar som tør å stikke seg fram.

– Unge gründerar som tek risiko og utfordrar seg sjølve fortener merksemd. Det er dei som skal skape dei nye arbeidsplassane. Det er dei som skal bidra til innovasjon og bringe samfunnet vårt framover, seier Kirsten Aure, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal.

Faktaboks

Norges rederiforbund (Rederiforbundet)

Er ein organisasjon for norske rederi, som driv med skipsfart, og offshoreselskap, som hentar opp olje under havbotnen. Forbundet sine medlemsbedrifter gjev jobb til over 55.000 personar frå meir enn 50 land.

Kjelde: Rederi.no