No kan du skrive «eit kompliment»

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit ord som podkast/poddkast har til no ikkje hatt noka offisiell rettskrivingsform på norsk. Det same gjeld ordet nikab. Kviss har kome inn som alternativ til quiz. Det inneber at begge skrivemåtane frå i år av er tillatne i normert skriftleg norsk.

Desse vedtaka er tre av fleire Språkrådet har gjort i løpet av året.

– Me har lang tradisjon for å bruke norsk skrivemåte på låneord som etablerer seg i språket vårt, og desse vedtaka føyer seg dermed fint inn i rekka, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet i ei pressemelding.

QUIZ/KVISS:Prøv deg på den tidlegare språkdirektørens teiknspråkquiz!

I 2015 har Språkrådet òg vedteke at internett kan skrivast med enten liten forbokstav eller stor, og at det i skrift frå no av kan heite eit kompliment eller ein kompliment.

– Desse vedtaka er døme på at språkbrukarane er med på å forme skriftspråket. Mange skriv internett og gjev andre eit kompliment, og det har bidrege til at formene har kome inn i rettskrivinga, seier Wetås.

Elles blir det no lov å skriva tyngde og sidde, som alternativ til tyngd og sidd.

SERIE: Dette er den nye nynorsken