Kraftig auke av kreft som kan førebyggjast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kraftig auke av kreft som kan unngåast

Kreftformer som kan førebyggjast, er dei som aukar mest, viser nye tal frå Kreftregisteret. – Spesielt og paradoksalt, seier direktør Giske Ursin.

Leiaren for Kreftregisteret håper dei nedslåande tala vil få både enkeltpersonar og samfunnet elles til å satse endå meir på førebyggjande tiltak.

– Folk må først og fremst slutte å røykje. Det er det aller viktigaste. Og så må ein vere forsiktig med sola og ikkje bli solbrent, seier Ursin til NTB.

I fjor fekk 31.651 nordmenn beskjed om at dei hadde fått kreft. 10.971 personar døydde av den frykta sjukdommen dette året.

LES OGSÅ: Overvekt gir auka kreftrisiko

– Urovekkjande

Føflekkreft er den kreftforma som har auka klart mest, med 28 prosent, samanlikna med førre femårsperiode. Noreg er no det landet i Europa med høgast døyingstal av føflekkreft.

– Vi synest det er urovekkjande at auken for desse krefttypane er såpass kraftig. Mange av dei som blir sjuke, hadde ikkje trengt å bli det, seier Ursin.

Samtidig er lungekreft framleis den mest alvorlege kreftforma, målt i dødstal. I 2014 blei det registrert 1.596 nye lungekrefttilfelle blant menn og 1.423 blant kvinner.

Men medan stadig færre menn får lungekreft, har talet på tilfelle auka med nesten 13 prosent blant kvinnene.

– Vi har ikkje nådd toppen hos kvinnene enno, medan det har flata ut hos menn, forklarer Ursin.

Overlevingsprosenten etter fem år er drygt 13 prosent for menn og 19 prosent for kvinner. Effekten av røykesluttiltaka har likevel begynt å slå inn hos dei under 45 år.

– Her ser vi at talet på tilfelle har begynt å minke, seier Ursin.

LES OGSÅ:Kreftråka feirar livet i lettkledd video

Lèt vere å teste seg

Samtidig kunne mange av kreftdiagnosene ha vore unngått. Det gjeld først og fremst føflekkreft og lungekreft. Også mange tilfelle av tarmkreft og livmorhalskreft kunne vore forhindra, ifølgje Kreftregisteret.

Eit eksempel er screening av livmorhalskreft.

– Trass i at dette er ein effektiv måte å redusere førekomsten av denne kreftforma på, er det mange kvinner som lèt vere å teste seg, seier Ursin.

Ursin er ikkje overraska over at det blir fleire krefttilfelle her i landet, sidan den aller største risikofaktoren er alderdom. Med fleire eldre, blir det fleire krefttilfelle. Lungekreft rammar for eksempel først og fremst menneske over 80 år.

– Men vi ser også ein auke i ratane, det vil seie når vi tar omsyn til folketal og aldersfordeling, held kreftdirektøren fram.

LES OGSÅ:Kan me nytta immunforsvaret i kampen mot kreft?

Livsstil og risiko

Fleire livsstilsfaktorar spelar inn når det gjeld faren for å få kreft, særleg når det gjeld tarmkreft og brystkreft.

– Det er bra å ha ei sunn kroppsvekt og eit sunt kosthald og vere fysisk aktiv, seier Ursin.

Men kva som skal til for at folk faktisk endrar levesett og reduserer kreftrisikoen, veit ho ikkje.

– Det er eit veldig godt spørsmål. Vi veit ikkje nok om kva som verkar for å få folk til å endre livsstil, slår Ursin fast.

Samtidig er det mogleg å bremse og i beste fall snu utviklinga, meiner ho.

– Men det krev målretta og hard jobbing på mange plan. (©NPK)