Luke 7: Jenta før fuglen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Navaho er eit amerikansk urfolkspråk. I 1990 hadde mellom 145 000 og 180 000 menneske navaho som førstespråk.

Rekkefølgja på orda i ei setning på navaho er styrt av «naturens rangstige», ifølgje Allkunne.no. Dette er også kalla animatgrads-skalaen: di høgare på skalaen, di lenger framme i setninga:

vaksne menneske/lyn → ungar/store dyr → middels store dyr → små dyr → insekt → naturkrefter → døde ting/plantar → abstrakte omgrep

I setninga under står jente framføre fugl, fordi ungar er meir animate enn små dyr.

objekt         subjekt        verb

At'ééd           tsídii            bishtąsh.      'Fuglen hakka jenta.'

'jente'           'fugl'            'hakka'

At tsídii 'fugl' er subjekt, ser vi av verbprefikset bi-, som fortel at andreleddet er subjekt.

Allkunne har denne setninga som eit anna døme:

subjekt        objekt         verb

Ashkii          at'ééd           yiníł'į́.          'Guten ser på jenta.'

'gut'             'jente'           'ser på'

Gut og jenteer begge ungar, og difor like animate. Verbprefikset yi-fortel at førsteleddet er subjekt. For å seie 'Guten ser på jenta' kan vi òg snu om på ledda og nytte verbprefikset bi-:

objekt         subjekt        verb

At'ééd           ashkii           biníł'į́.          'Guten ser på jenta.'

'jente'           'gut'             'ser på'

God 7. desember!

Opne dei andre lukene i julekaldendaren her!