«Før rasa ein stein eller to, no er det skremmande massar»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Større ras- og flaumfare

Sjølv om det i desse dagar vert arrangert klimatoppmøte i Paris, er det lite som tyder på at det kjem effektive tiltak mot problemet med det første. Dermed ligg det an til at den globale oppvarminga vil fortsette.

– Vi er redde for ras. Vi må vente oss meir ras som følgje av klimaendringane, men vi er ikkje førebudde, seier Willy-André Gjesdal, einingsleiar for samfunnsutvikling i den rasutsette kommunen Vaksdal i Hordaland.

LES OGSÅ: Alfred skaper den framtida han vil ha

Opplevde to ras
Jill Bru Johansen, som bur med mann og to søner på Boge i den vesle vestlandskommunen, opplevde to store ras i mai etter mykje nedbør.

– Vi flyttar nok ikkje, men angsten har sett seg. Vi lurer på kva slags vinter og vår vi får, seier Bru Johansen. Ho fortel at dei alltid har levd med rasfare.

– Men før kunne det rase ein stein eller to. Å sjå slike massar som rann ned frå fjellet i vår, var skremmande, seier ho.

Berre flaks gjorde at menneskeliv ikkje gjekk tapt då eit stykke av hovudvegen E16 vart gravlagt i massane. Eit lokaltog på Bergensbanen køyrde også inn i raset.


Halstein Børve frå Mesta er på veg for å rassikre jernbanelinja ved Dalegarden. Ifølgje Statens vegvesen er det berre tunnel som kan gjere E16 mellom Vestlandet og Austlandet trygg. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK

LES OGSÅ: Frå nyttår vert det obligatorisk med tunnelkøyring

Fryktar tap av liv
Fylkesmann Lars Sponheim i Hordaland uttalte under framlegginga av rapporten Klima i Noreg 2100 tidlegare i haust at han er svært uroa over ekstremvêrhendingar i dei mindrekommunane i fylket.

Gjesdal bekreftar at han fryktar at ras skal ta menneskeliv. Men kommunen har førebels ingen personar dedikerte til å jobbe medklimatilpasning, og ikkje eige klimabudsjett.

– Vi håper å komme med i neste runde av raskartlegginga til NVE. Det vil kunne gi oss viktige svar om rasfare i ulike område i kommunen, seier Gjesdal.

– Kartlegginga vil også vere eit viktig grunnlag for arealbruken. Per i dag veit vi ikkje om hus må fråflyttast på grunn av rasfaren, seier han vidare.

Øvst på ønskelista er ein rassikker europaveg og jernbane gjennom kommunen.

– Deretter ønskjer vi bistand til risikoanalyse og tiltak for å hindre ras i bustadområde og langs kommunale vegar, og sikring mot flaum i mindre vassdrag.

LES OGSÅ: Ordførarar samlar seg bak klimaopprop

Flaum på Lillehammer
På ein heilt annan kant av Norge – i Bælafaret i Lillehammer – står Espen Thorsen nedanfor huset sitt og ser på bekkefaret som NVE og kommunen har sikra i haust.

Det er bygd opp steinvollar og laga trapper i bekkefaret, slik at elva skal klare å halde styr på vatnet, sjølv ved ein 200-årsflaum.

På få timer ei natt i juli i fjor forandra Bæla seg til ei monsterelv som reiv med seg garasjen og fylte førsteetasjen til naboen med vatn.

– Elva var heilt normal då eg la meg, men eg vakna midt på natta av at elva buldra som ho aldri hadde gjort, fortel Thorsen.

– Det var ei skremmande oppleving. Vi har fått større innsikt iklimaendringane etter at vi sjølv har stått midt oppe i det, seier han.

LES OGSÅ: MDG vil ha klimarekneskap i kommuane

Store utfordringar
Etter flaumen i fjor oppretta Lillehammer kommune ei prosjektstilling med ansvar for å avklare og koordinere tiltak for å førebyggje flaum, og reparere skadar etter flaumen. Budsjettet for flaumførebyggjing er i år på 10 millionar kroner.

– Utfordringane er store for ein kommune som oss. Det er krevjande å finansiere flaumsikring til 20 millionar, som på Røyslimoen der elva Åretta fløymde over heile området, seier sektorsjef for by- og samfunnsutvikling Lars Rudi.

NVEs regionsjef Petter Glorvigen innrømmer at NVE halsar etter hendingane.

– Det går i krisetiltak. Det vil ta mange år før vi kjem à jour og kan jobbe førebyggjande, konstaterer han. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil gjere Rogaland klimanøytralt


– Vi blir buande, og håper at flaumsikringstiltaka blir bra. Uansett ville det nok vore vanskeleg å få selt leilegheita. Naboen har slite med å selje – vi har jo eit stygt flaumrykte, seier Que Tran, som bur på Røyslimoen på Lillehammer. To gongar har han opplevd å få leilegheita si oversvømt av flaumvatn frå det som vanlegvis er ei lita elv. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Faktaboks

Større flaumfare:

Klimaframskrivingar for Noreg viser at vi får meir nedbør og hyppigare lokale intense nedbørsepisodar til alle årstider.

Konsekvensen er fleire og større flaumar i små vassdrag og fleire og større flaumar i byane.

Havnivåstiging vil skape problem langs delar av kysten.

Risikoen aukar for erosjon, flytting av massar og flaumskred i masseførande vassdrag. Elvar og bekkar kan få nye løp.

Prosessane skjer brått, har stor kraft og medfører fare for store skadar og tap av menneskeliv.

Det blir fleire flaumar om hausten og vinteren i område der nedbøren i dag kjem som snø.

Det er venta isgang vinterstid i vassdrag som tidlegare har hatt stabilt isdekke.

Færre snøsmeltingsflaumar er venta i område som i dag har snødekke, men som med stigande temperatur gradvis kan bli snøfrie heile vinteren.

Fleire flaumtoppar er venta i elvar som i dag har regnflaumar, for eksempel på Vestlandet og langs kysten. 

Større skredfare:

Klimaendringar påverkar skredfaren. Skredfaren er også sterkt knytt til lokale terrengforhold.

Med fleire store nedbørsperiodar i bratt terreng aukar faren for jord- og flaumskred.

Viktige årsaker til grunne jordskred er snøsmelting og store nedbørsmengder.

Med høgare temperatur vil meir av nedbøren falle som regn i dei høgare delane av nedbørsfeltet, og dette vil auke skredfaren.

Det er klar samanheng mellom nedbør, temperatur, vind og ulike former for snøskred.

Gradvis høgare temperatur vil gi kortare snøsesong, og kystnære strøk i låglandet kan bli heilt snøfrie.

Faren for tørrsnøskred vil etter kvart bli redusert fordi temperaturstiging vil føre til både høgare snø- og tregrense.

Faren for våtsnøskred og sørpeskred i skredutsette område vil derimot auke.

(Kjelde: NVE, Klima i Norge 2100) (©NPK)