Elevar på yrkesfag satsar på grønt skifte

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Neste veke byrjar klimatoppmøtet i Paris, der verdas nasjonar forhåpentlegvis blir einige om korleis kutta CO2-utsleppa.

Onsdag denne veka var 60 elektro- og ikt-elevar ved Stord vidaregåande skule på innovasjonscamp for å jobba fram framtidas energi- og klimaløysingar.

– Det er dagens unge som skal finna framtidsretta løysingar på nokre av dei mest prekære utfordringane til samfunnet vårt. Då må me involvera dei så tidleg som mogleg, seier Tor Kåpvik, fungerande administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap Norge. Dei står bak Innovasjonscampen saman med Enova.

LES OGSÅ: ­– Shit, dette kjem til å skje

Uroa for ungane sine
Sjølv om ikkje alle vidaregåandeelevane tenkjer over klimaendringane dagleg, ser dei svært alvorleg på saka.  

– Det ser mørkt ut. Me forureinar alt for mykje, og tenkjer for lite på miljøet. Me bruker bilen, sjølv om me berre skal ein liten tur på butikken. Og regnskogen ligg tynt an, seier Kristine Volden, og legg til:

– Eg er redd ungane mine skal veksa opp utan at det vil vera nok mat. Me må nok kanskje klara oss utan pinnekjøt i framtida. Eg er redd for at fleire dyr vil døy ut.

Ida Larsen seier ho ikkje tenkjer så mykje over klimaendringar til vanleg.

– Men når eg høyrer om klimaendringar, så trur eg ikkje det går så bra med verda viss me held på sånn som no.

Tor André Spissøy seier han trur ting vil ordna seg, men både han òg Birk Selsvold trur me må nøya oss med mindre energibruk og litt mindre velstand enn i dag.

– Det har vore mykje pengar i olja. Eg trur nok me må rekna med å tena litt mindre enn me gjer i dag, seier Spissøy.

LES OGSÅ: Julie (17) lærer det framtida treng

Kristine Volden og Birk Selsvold jobbar med framtidas energiløysingar. Foto: Henrik Mundal Andreassen, Sunnhordland

Vil mangla fagarbeidarar
Nedgang i oljeindustrien gjer at det ikkje er like enkelt å få seg læreplass og jobb som før, men elevane på Stord er ikkje særleg uroa for jobbframtida.

– Eg trur det vil vera gode høve for å få jobb i framtida. Alle treng elektro, seier Alejandro Roja.

Emil Vatna vil først ta fagbrev, så kan det vera at han tar ingeniørutdanning seinare.

– Samfunnet vil ha behov for fleire fagarbeidarar, seier Katharina Korneliussen.

Det har ho rett i.

Ifølgje ein rapport frå OECD som kom denne veka, heng Noreg etter dei fleste landa i Europa når det gjeld talet på elevar som tar yrkesfag. Og ifølgje Statistisk sentralbyrå vil Noreg mangla 90.000 fagarbeidarar i 2035 om ikkje fleire byrjar på yrkesfag.

Les også: Risikerer å ikkje nå klimaforliket

Grøne ferjer
Denne veka vedtok Transportkomiteen på Stortinget at alle dei 130 ferjesambanda i Noreg skal trafikkerast med batteri- eller hybridferjer. Det er venta å gi mange tusen arbeidsplassar.

Også på Stord er det fleire som håpar på eit grønt skifte innan skipsfarten.

Éinav dei er Tor André Spissøy. Han siktar seg inn mot skipselektro,og trur det vil bli bruk for fleire elektrikarar når elferjene skal byggast.

QUIZ: Kor berekraftig er du?

Faktaboks

• Onsdag denne veka var 60 elektro- og ikt-elevar ved Stord vidaregåande skule på innovasjonscamp for å jobba fram framtidas energi- og klimaløysingar.
• Innovasjonscampen blei arrangert av Ungt Entreprenørskap Sunnhordland og Atheno.

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».

Klimaforhandlingane i Paris kan bli vendepunktet som set fart i det grøne skiftet. Om vi skal unngå grøne vintrar i Noreg og meir ekstremvêr over heile kloden, må vi ha eit alternativ til business-as-usual. Synspunkta på korleis framtidas samfunn skal sjå ut er mange og delte. Det vil vi skrive om.