Jublar for 11 månaders studiestøtte

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jublar for auka studiestøtte

Måndag blei regjeringspartia og Venstre og KrF samde om eit nytt statsbudsjett. Der blei dei òg samde om ein plan for opptrapping til studiestøtta til 11 månader med oppstart i 2017. Det skal leggjast til ei ekstra veke i studietrygda kvart år fram til 2020 .

 – Studentrørsla har kjempa for ein auke i lengd og omfang i lang tid. Dette tyder at studentane endeleg har fått gjennomslag for 11 månaders studiestøtte.  At det no vert lagt fram ein konkret plan med eit oppstartstidspunkt betyr mykje, seier leiar av NSO, Therese Eia Lerøen.

Håpar på auke i nivået

NSOs krav til statsbudsjettet er at studietrygda vert auka til 1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda, vert fordelt over 11 månader og at det vert gjeve tilskott til bygging av 3000 nye studentbustader. Regjeringa og samarbeidspartia har no vorte samd om 2.200 studentbustader og ein opptrapping til 11 månaders studietrygd.

 – NSO har i dette budsjettet etterlyst ein plan for auke i studietrygda både i lengd og omfang. Den regjeringa og samarbeidspartia legg fram no er eit stort steg på vegen. Vi får ein plan på lengda og håpar partia òg vil leggja fram ein tilsvarande plan for nivået, seier Eia Lerøen.

Meir til psykisk helse

Regjeringa og samarbeidspartia legg òg inn 5 millionar kroner til tiltak for å den psykiske helsa til betre studentar. Ein av fem studentar rapporterer om alvorlege psykiske symptomplager.

– NSO er positive til at regjeringa og samarbeidspartia no ynskjer å leggja pengar på bordet for å setja i verk tiltak for å betrae den psykiske helsa til studentar, avsluttar Eia Lerøen.