Dette har sentrum endra på budsjettet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag blei regjeringspartia samde med KrF og Venstre om statsbudsjettet for 2016.

Her er nokre av dei viktigaste endringane i budsjettet:

• Fleire lærarar i småskolen: Frå hausten neste år vert ordninga utvida med tidleg innsats i småskolen slik at det vert to lærarar i klasserommet for elevane frå 1. til 4. klasse. Pris neste år: 320 millionar kr.

• 200 nye helsesystrer: 100 nye i skulehelsetenesta og 100 nye på helsestasjonane. Pris: 150 millionar.

• Gratis kjernetid: Ordninga med gratis kjernetid i barnehagar for fire- og fem-åringar vert til òg utvida å omfatta tre-åringar. Prislapp neste år: 24 millionar.

• Bistand: Regjeringa si foreslegne omprioritering i bistandsbudsjettet er nedjustert frå 4,2 til 1,7 milliardar kroner. Prislapp neste år: 2,5 milliardar.

• Meir til minstepensjonistar: Einslege alderspensjonistar med minstepensjon får frå 1. september neste år 4000 kr i auka pensjon. Prislapp: 82 millionar kroner.

• Dyrare flybillettar: Det vert innført ein flyseteavgift på 80 kr. Staten får inn: 1 milliard.

• Dyrare straum: Elavgifta vert auka med 1,5 øre. Staten får inn: 670 millionar kr.

• Nye bilavgifter: Grøn provenynøytral omlegging av eingongsavgifta, der både CO₂-komponenten og NOₓ-komponenten vert auka. Samstundes vert effektkomponenten redusert og vekstkomponentenen, slik at ein går i null

• Kollektivtrafikk: Auke på 750 millionar kroner

• Sykkelvegar: Auke på 100 millionar kroner.

Pakke for vold mot barn: 70 mill. krone

LES OGSÅ:Jublar for dyrare fly og straum

– Me forsterkar klima- og miljøsatsninga med ein kombinasjon av grøne avgifter og ein storsatsning på miljøvennlig transport, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande i ei pressemelding.

Det grøne skatteskiftet i budsjettforliket utgjer til saman 5,3 milliardar kroner.

Den nye KrFU-leiaren Ida Lindtveit meiner regjeringa må spara for framtidige generasjonar. Foto: KrFU

KrFU: – Fleire lyspunkt
– Budsjettforliket har fleire lyspunkt sett med KrFUs auge. Blant anna satsinga på skulehelseteneste, og auka lærartettleik, seier KrF-leiar Ida Lindtveit i ei pressemelding.

– I eit framtidsperspektiv er det absolutt viktigast at me har ein god skule, der elevane trivst og får utfordringar tilpassa sitt eige nivå. Lenge har me peikt på at ein aukande del unge slit psykisk. At løyvingane til skulehelsetenesta vert auka og no blir øyremerka vil gjera at me reelt sett får fleire helsesystrer og at pengane ikkje går til andre ting. Dette vil vera avgjerande for mange barn og unge, seier Lindtveit.

Les alt om statsbudsjettet her!