Vi nærmar oss snart tusen norske ølsortar, frå rugstout til amerikansk vossa-pale-ale. Og ølkultur vert finkultur.

NPK-Hallvard Østrem
NPK-Hallvard Østrem

Talet på mikrobryggeri og norske ølsortar har formeleg eksplodert dei siste to– tre åra. Mens det i 2010 fanst berre rundt 20 slike gards- og småbryggeri her til lands, nærmar talet seg raskt 150.

– Vi opplever ein gullalder for norsk øl, seier forfattar og ølbloggar Knut Albert Solem, som no har samla alle norske bryggeri og dei vel 750 ølsortane dei lagar, i boka Norsk øl- og bryggeriguide.

Heilnorsk
Skal ein dømme etter namnekulturen i bransjen, finst det knapt noko meir ur-norsk enn øl. Bryggeria har namn som Ægir, Haandbryggeriet, Gulating, Gildaskáli, Grim & Gryt, Bådin, Balder og Austmann, og dei lagar øl med namn som Mærrabætt, Vetlebror, Huldra, Friar'n, Bikkje-Lisa, Bek'mørtnan, Stut og Staut, for å nemne nokre få.

– Mange har dialektord i namna på ølet, og det viser godt at bryggeria prioriterer å hekte seg på det lokale. Det er heller ikkje noko hinder å ha eit pussig namn, tvert om gjer det at du stikk deg ut, seier Solem.

LES OGSÅ: Bles liv i gamle tradisjonar

Sjølv om mange av småbryggeria hentar inspirasjon frå utlandet, blir stadig fleire inspirerte av norske bryggjetradisjonar og bruker lokale ingrediensar i prosessen, ifølgje Solem.

– Øltradisjonane har vi, men det var på nære nippet at dei forsvann. Vi har dei på Voss og elles litt spreidd oppover på Vestlandet, i Oppdals-området og på Stjørdal. På Voss finst det heilt unike gjærstammar, som no blir foredla og tatt i bruk, og i Stjørdal lagar dei malt av eigendyrka bygg i tradisjonelle «sånnhus», fortel Solem.

Starta i USA
Trenden med ølbrygging i liten skala byrja så smått i Storbritannia og i USA på sytti- og åttitalet. I Noreg fekk vi den første bryggeripuben i 1989, Oslo Mikrobryggeri, men først litt utpå 2000-talet byrja dei første heimebryggarane å røre på seg, og vi fekk det første lokalølet på flaske.

Først ute var Grimstad-bryggeriet Nøgne Ø i 2003, og to år seinare såg

Haandbryggeriet i Drammen dagens lys. Meir fart på sakene vart det da Ægir i Aurland kom på banen i 2007 og litt etter Kinn Bryggeri i Florø – begge i eit fylke som var heilt fritt for Vinmonopol heilt fram til 1991.

Lettare å etablere seg
Solem peikar på fleire samanfallande årsaker til at mikrobryggeria no sprett opp som paddehattar over heile landet. Den internasjonale trenden har ein del å seie, likeins det store heimebryggarmiljøet som sidan 1998 har vore organisert i Norbrygg (Norsk Hjemmebryggerforening). Viktig er det òg at det har vorte mykje enklare å få tilverkingsløyve for dei som vil prøve seg.

Solem peikar elles på entusiasme for det lokale som ein faktor.

– Vi ser at det er ein lokal entusiasme. Det er stas for ei bedrift, ein kommune eller ein kafé eller ein pub å kunne servere lokalt øl til gjestene sine, seier han.

LES OGSÅ: Frå piss til pils

Ølet skal ikkje berre vere lokalt, men helst av god kvalitet. Og jamt over står det norske ølet seg ganske godt mot øl frå Europa og resten av verda, meiner Solem. Men dei norske alkoholreglane kan vere eit problem.

– Det er ei utfordring å bryggje godt øl på under 4,7 prosent, slik at det kan seljast i ein daglegvarebutikk. Det blir lett litt kjedeleg. Du kan ofte få øl med litt meir trykk viss det er på over 6 prosent til dømes, seier Solem.

Finkultur og jåleri
Med handverksølet kjem òg ein meir finsleg kultur av det slaget vi kjenner frå vinverda med prøvesmaking, smaksterminologi og eigen etikette. For somme blir det vulgært å drikke øl rett frå flaska eller i det heile å drikke øl frå eit storbryggeri – såkalla industriøl.

– Det er klart at det er ein del jåleri. Du har heile spekteret. Det er mange som er opptatt av smak og å prøve ut nye ting, men det finst òg ei hard kjerne av ølfolk som heile tida jagar etter det nye. Dei drikk gjerne surøl til dømes, sjølve manndomsprøven, og da gjerne villgjæra belgisk surøl rett frå fat. Men det er no ein eigen frimurarlosje, det da, seier Solem, som sjølv gjerne tar seg ein kald pils ein varm sommardag.

Men favorittølet er av eit anna slag og rett om hjørnet.

– Det er eit øl som blir bryggja 21. eller 22. desember kvart år på Nøgne Ø. Det heiter Surnturnbrew, eit kraftig mørkt øl med røykpreg, perfekt for ein vinterkveld, seier ølguideforfattaren og gler seg til sola snur.

LES OGSÅ: Lagar britisk øl på nynorsk: – Det er sexy

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE