Frå piss til pils

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Festivalsesongen er allereie i gang og for mange er det synonymt med øl og festivaltoalett med lange køar.

Ein million liter øl
27. juni til 4. juli er det på nytt klart for den tradisjonsrike Roskildefestivalen.

Ifølgje arrangørane av Roskilde festivalen vart det i 2013 konsumert kring ein million liter øl i løpet av festivalen. Dette kjem naturleg nok ut igjen i store mengder, men no vil arrangørane gjere nytte av den gule væska.

– Det handlar om å endra våre haldningar til «avfall». Mengdene med festival-urin er i dag ei belasting for miljøet, i fyrste omgang kloakksystemet og reinseanlegget i Roskilde. Med dette prosjektet snur me dei mange litrane til å vera ein ressurs,  seier Leif Nielsen, kommunikasjonsdirektør i Landbrug & Fødevarer til Dagbladet Roskilde.

Saman med Roskilde Festival har dei sett i gang prosjektet «Fra pis til pilsner» og funne opp ordet «beercycling», som best kan omsettast til «ølsirkulering».

Planen er å samla inn mellom 100.000 og 250.000 liter urin under årets festival. Dette skal nyttast til å gjødsla maltbygg, som igjen vert ny festivaløl til Roskilde 2017.