11 år gamle Haohao deltek i OL

Tysdag skal elleve år gamle Zheng Haohao konkurrere i skateboard i Paris.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Elleve år gamle Zheng Haohao frå Kina er den yngste deltakaren i OL i år. Skataren er òg den yngste kinesiske utøvaren i OL nokosinne.

I eit intervju med World Skate fortel den unge utøvaren at mora kjøpte hennar første skateboard i gåve då ho fylte sju år. Fire år seinare deltek ho i OL.

– Eg berre skata, og så byrja eg å vere med i konkurransar … og på ein eller annan måte, her er vi. Eg tenkjer eigentleg ikkje så mykje på det, eg berre skatar, fortalde ho til nettstaden i forkant av OL. 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av World Skate Skateboarding (@worldskatesb)

Unge utøvarar

Zheng seier at ho ikkje blir nervøs eller uroa for konkurranse.

– Eg likar berre å ha det gøy på skateboardet mitt. Det er alltid kjekt å ha vennar rundt seg og folk å skate med, så eg likar det veldig godt.

– Ho har gjort det bra og har jobba hardt, fortel trenaren hennar Danny Wainwright til Olympics.com. Haohao vart nummer 23 i verdsmeisterskapet i 2023.

I skateboard, som vart OL-grein i 2020, er fleire av deltakarane svært unge. Thailandske Vareeraya Sukasem er tolv og finske Heili Sirviö er 13.

Tidlegare i Paris-OL tok 14 år gamle Coco Yoshizawa frå Japan gull i street-konkurransen i skateboard.

Inga aldersgrense

Det er ingen aldersgrenser i OL. I staden er det opp til kvart enkelt forbund å bestemme kor gamle utøvarane må vere, skriv VG. Nokre idrettar, som turn og stuping har difor nedre aldersgrenser på 16 og 14 år, medan andre, som skateboard, er opne for alle.

Sjølv om Zheng Haohao på elleve år er ung, er ho faktisk ikkje den yngste som har delteke i OL. Om vi går heilt tilbake til 1896, konkurrerte ti år gamle Dimitrios Loundras i turn for Hellas. 14-åringen som tok skateboard-gull i Paris er heller ikkje den yngste gullvinnaren. I 1936 fekk amerikanske Marjorie Gestring gull i stuping. Ho var då 13 år og 268 dagar.

Noregs yngste OL-vinnar er Sonja Henie, som var 15 år då ho tok sitt første OL-gull i kunstløp.

Men nett som kinesiske Zheng Haohao var ho 11 år i sitt første OL, som var dei aller første vinterleikane i franske Chamonix i 1924.

I år var den 17 år gamle skyttaren Synnøve Berg Noregs yngste OL-deltakar.

Til venstre: Sonja Henie under OL i 1928 i St.Moritz, der ho tok sitt første av tre OL-gull. Til høgre: 11 år gamle Henie under OL i Chamonix i 1924, her saman med gullvinnar Gillis Grafström. | Foto: NTB Arkiv og AP Photo