Fråfallet i vidaregåande opplæring har vore tilnærma stabilt i løpet av dei siste 20 åra. – Å droppe ut kan òg kallast å ta til vit, seier sjefen for Haugaland Opplæringskontor.

mm

Kring 56 prosent av elevane i vidaregåande fullfører på normert tid, og kring 30 prosent har ikkje fullført i løpet av fem år. Elevar som fell frå vidaregåande opplæring har større sjanse for å bli arbeidsledige og større sjanse for problem med rus og psykiske problem.

Kva skal til for at færre elevar skal droppa ut?

Dét var temaet for debatten i Etne bibliotek torsdag, leia av elevar frå Etne vidaregåande skule.

Ola Dahl Andersen ved Fagopplæringskontoret i Hordaland meiner ein må leita etter årsakene i systemet.

– Før i tida reiste ungdom som ikkje var motiverte for skule til sjøs eller i militæret. Eg trur ikkje ungdomsgruppa er så ulik no samanlikna med tidlegare. I dag er det systemet som ikkje har tilbod som er tilpassa dei som ikkje er motiverte for skulen, seier han.

Han meiner det må lagast fleire alternative løp med meir veksling mellom praksis og skule og at teorien i skulen blir endå meir knyta til det elevane får bruk for som fagarbeidarar.

LES OGSÅ: – Så gøy at det er kjipt å gå heim

Knyt teori og praksis saman
Dahl Andersen trekk fram at elevane må kunne setja opp ein skikkeleg CV og kunne skriva ein søknad om læreplass utan for mange skrivefeil.

– Matte og naturfag må knytast meir saman med praktiske ting, seier Jone Lillemo, elevrådsleiar på Etne vidaregåande.

Han trur òg det er viktig å få inn fleire turar og sosiale aktivitetar for å auka motivasjonen til elevane.

Marion G. Kallevik, rektor på Etne vidaregåande, er samd i at det er viktig å tilpassa yrkesfaga slik at ein får ta vare på fleire.

Ho understrekar òg at det allereie i dag finst mange tilpassa løp.

– Å førebyggja fråfall er noko av det viktigaste som me gjer i skulen. Det er alt for mange som fell frå i dag, seier ho.

LES OGSÅ: Einsame elevar tenkjer mest på å droppa ut

Evna til å stå opp om morgonen
Når Dahl Andersen snakkar med bedrifter som dei skriv lærekontrakt med, seier bedriftene at dei alltid skal klara å læra lærlingane faget, men då må dei ha vilje til å stå opp om morgonen.

Fråveret er det første arbeidsgjevarane ser på, når dei skal tilsetja lærlingar.

Elevrådsleiar Jone Lillemo seier det ikkje alltid er like lett for alle ungdommar å koma seg opp om morgonen.

– Til dømes er det ikkje så lett for foreldre å følgja opp ungdommar som bur på hybel, seier han og føreslår at vaktmeister på skulen kan køyra rundt for å vekkja hybelelevar som ikkje kjem seg opp om morgonen.

Dahl Andersen meiner det er å sy puter under armane på elevane.

– Ungdommen må få vekk mobilar og pcar på kvelden.

Rektor Kallevik meiner elevane som har trong for det, må få behov for hjelp. Ho legg òg til at skulen har blitt mykje tydelegare på forventningane til foreldra og kor viktige dei er for å følgja opp ungdommane sine.

LES OGSÅ: Kan tilpassing hindra fråfall?

Verdas beste fagarbeidarar
Bjørn Johannessen i Haugaland Opplæringskontor representerer 35 lærebedrifter med 70 lærlingar i Etne og Vindafjord.

– Me har suksess med fleire elevar som har dårlege karakterar, men som har stor motivasjon, seier Bjørn Johannessen.

Han meiner vidaregåande opplæring er betre enn nokon, og meiner elevane har høgare nivå i dag samanlikna med då han gjekk i skulen.

Han meiner likevel dagens unge har nokre problem som ein ikkje hadde før.

– Det er så mykje som tar plass at ein ikkje får tid til skulen. Då må me hjelpa dykk å finna tid til skulen.

Sjefen ved Haugaland Opplæringskontor fortalde dei frammøtte i debatten at han sjølv har droppa ut fleire gonger.

– Eg har skifta jobb fleire gonger. Det kan òg kallast å ta til vit: å skifta frå noko som ein ikkje trivst så godt med, seier han.

– Me må snakka opp fagarbeidarane i Noreg. Ifølgje OECD har me verdas beste, legg Bjørn Johannessen til på slutten.

LES OGSÅ: Slik unngår denne skulen fråfall

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

Kommentarar

ANNONSE