Nordmenn et mindre kjøt

For første gong på fem år går kjøtforbruket ned. Det er fleire glade for.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Iføglje kjøtbransjeorganisasjonen Animalia åt kvar nordmann i snitt 50,7 kilo kjøtt i 2014.

Rapporten «Kjøttets tilstand 2015» konkluderer med at forbruket av alle kjøtslag, unntatt svin, har gått tilbake frå 2013 til 2014. Totalt er det snakk om ein nedgang på 3 prosent, til saman 1,6 kilo per innbyggjar per år.

Me åt 1,1 kilo mindre storfekjøt og 500 gram mindre kylling i 2014, samanlikna med året før.

LES OGSÅ: Planter kan «høyra» at dei blir spist

Produksjon av storfekjøt medfører dei største klimautsleppa frå landbruket. Produksjon av eitt kilo storfekjøt medfører utslepp tilsvarande 20 kilo CO2, ifølgje Framtiden i våre hender.

Viss alle nordmenn kuttar ut kjøt ein dag i veka, svarer det til å fjerna 200.000 bilar frå vegane, ifølgje organisasjonen.

Forsvaret er ein av institusjonane som har innført kjøtfri måndag i kantinene sine.

Ønskjer norsk kjøt på norske ressursar
Også Natur og Ungdom er glade for at kjøtforbruket går ned.

– Noreg er 90 prosent sjølvforsynt med storfekjøt. Me bør ikkje eta meir enn me klarer å produsera sjølv, seier 2. nestleiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord.

Sjølv om kylling og svin slepp ut mindre CO2 enn storfe, så er dei meir avhengige av kraftfôr med soya.

– Natur og Ungdom ønskjer at ein større del av kjøtproduksjonen blir miljøvenleg og basert på norsk gras, seier Eiterjord.

Han meiner ein kan eta fårikål med godt miljøsamvit om hausten, ettersom det er sesongbasert mat.

– Sauen har gått ute om sommaren og beita i utmarka, og heldt vedlike kulturlandskapet. Kyllingen har på sin side stått inne, tett i tett med andre kyllingar, og gomla kraftfôr med stort innslag av importerte fôrråvarer.

LES MEIR: Vegen til vegetar

Faktaboks

Her får du vegetariske og veganske oppskrifter:

Veggisbloggen

Vegetarbloggen

Kjøttfri mandag

Veganmisjonen