Paris: – Alle må halde seg heime

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Hallingdølen.  

Ho vart vekt opp av venner som ringde og lurte på om ho hadde det bra. Minst 129 menneske skal vere drepne i Frankrikes hovudstad Paris. Franske styresmakter oppgir at 99 personar er kritisk skadde. Ein svensk statsborgar skal vera drepen. Terroristar utførte fredagskvelden fleire aksjonar. No er byen nærmast ein krigssone. Margrethe Skaret Lund frå Hemsedal bur midt i terror-ramma Paris.

LES OGSÅ: Ekspertar meiner åtaket har vore under oppsegling lenge 

Er trygg
– Heldigvis bur eg på andre sida av elva og er trygg frå det som har skjedd, fortel ho til Hallingdølen. Ho har ikkje opplevd noko av sjølve terroren på nært hald, men fortel at det blir ganske kaotisk når terror-angrep skjer. Og ikkje minst så mange på ein gong. 

Alle blir bedne om å halde seg heime. Politiet i Paris anbefaler folk å halde seg heime. Det same gjer det norske utanriksdepartementet.

LES OGSÅ: Dramatisk veninnetur til Paris 

Ikkje bli redd
– Korleis blir det å bu i Paris no?

– Eg trur det vil bli mykje strengare og at folk vil bli meir forsiktige. I alle fall i næraste framtid. Det er klart slike hendingar set spor og skremmer. Men det er viktig å ikkje bli for redd. Då vinn jo terroristane gjennom med sin hovudvisjon – som er å skape frykt.

Lund går på språkskulen Course de Civilitation Français de la Sorbonne. Ho har vore i Frankrike sidan slutten av juli og skal vere i landet fram til desember.

LES OGSÅ: Sterke reaksjonar verda over etter Paris-angrepet 

Fredag kveld
Det var like før klokka 22 fredag kveld at dei første meldingane om skyting kom. Først kom melding om fleire eksplosjonar nær fotballstadionet Stade de France. Deretter skyting ved ein restaurant og ein bar. Så kom meldingane om skyting ved ein konsertsal. Her vart det og ein gisselsituasjon. Det kom melding om skyting fleire stader også. Like før midnatt erklærte presidenten unntakstilstand i landet. 


Deretter kom meldingar om at terroristane var døde.