Dramatisk veninnetur til Paris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Porten.no. 

Årdal/Paris: Då dei kom til Paris torsdag kveld låg alt til rette for ein kjekk tur i lag, men eit døgn seinare såg alt heilt annleis ut. 

I 22-tida fredag kveld vart det utløyst bomber og meldt om massiv skyting fleire stadar i Paris, og på laurdag kom det fram at IS har tatt på seg skulda for angrepa. 

LES OGSÅ: Ekspertar meiner åtaket har vore under oppsegling lenge 

Fekk melding
Veninnene Therese og Ada sat på ein restaurant nær Bastillern fredag kveld, og alt var fredeleg heilt til Therese fekk ein melding av ein kompis. 

– Eg fekk ein melding om at det var terror i Paris, og at me måtte kome oss attende til hotellet så fort som mogleg, seier ho. 

Dei høyrte ingenting, men dei la merke til at det var mykje sirener og at beteninga på restauranten vart stressa. 

– Me tok ein taxi attende til hotellet rett etter dette hadde komt ut i media, så det var ganske tidleg.

– Eg visste ho var ute
Mor til Therese, Kirsti Gulbrandsen, legg ikkje skjul på at ho tykkjer det var ekkelt. 

– Eg visste ho var ute, men fekk roa meg ned då ho sa i frå at ho var på hotellet. Det ligg på andre sida av elva, heldigvis, seier Gulbrandsen. 

Ho rosar dei som sendte melding til Therese rett etter angrepa byrja. Og ho er glad for at dottera og veninna reagerte så raskt og kom seg i sikkerheit.

LES OGSÅ: Sterke reaksjonar verda over etter Paris-angrepet 

Brutalt
Årdalsjenta tykkjer det er særs brutalt å angripe restaurantar og ein konsertsal der det er mykje menneskjer. 

– Det er uverkeleg, og grusomt for dei som sit igjen som offer av terroren, seier ho. 

Laurdag føremiddag var det ganske folketomt i den elles så travle delen av Paris. Alle på hotellet der Therese og veninna bur er råda til å halde seg inne på laurdagen. Dei kjem til å fullføre turen, og planen er å reise heim att på måndag.