Nye studentar for dårlege til å lesa og skriva

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For dårlege til å lesa og skriva

Mange av dei nye studentane ved universitetet og høgskular her i landet er ikkje flinke nok til å lesa og skriva, går det fram av ny rapport.

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (Nifu) har gjennom gruppesamtalar med lærarar, studentar og elevar sett på overgangen frå vidaregåande til høgare utdanning.

Dei største ankepunkta til lærarane ved universitetet og høgskular er altså at den skriftlege framstillinga til studentane ikkje er god nok – og at dei heller ikkje er flinke nok til å lesa.

Ei av forklaringane som blir trekt fram er at elevane ikkje får nok erfaring i den typen skriving som krevst i høgare utdanning.

Lærarane i vidaregåande skule meiner også det er eit utbreidd problem at lesedugleiken til studentane er for dårleg. Særleg meiner dei gutane har lite trening i å lesa lange tekstar. Dette er eit problem som har breidd om seg, blir det hevda.

LES OGSÅ: Vil ha meir praksis i skulen

Det blir også peikt på at vidaregåande skule er prega av mange fag og av å få best mogleg karakterar på prøvar og eksamenar. Overgangen til høgare utdanning som legg vekt på konsentrasjon, fordjuping og undring kan dermed bli krevjande.

Lærarane i vidaregåande meiner det generelt er for mange kompetansemål og at dei får for lite tid til å gje elevane individuell tilbakemelding. Mange prøvar blir også trekt fram som ei medverkande årsakt til at det er vanskeleg å oppmuntra elevane til å fordjupa seg i spesielle ting dei treng å øva på.

Sluttrapporten frå prosjektet blir ferdig til våren. (©NPK)

LES OGSÅ: Norske elevar på droppe-toppen