Kan utdanninga verkeleg gje meg verktøy til å endre verda, skape eit samfunn for framtida?

Astrid Underlid
Astrid Underlid
Faktaboks

Dette innlegget av Astrid Underlid fekk heider av juryen i skrivekonkurransen «Kva skal me leva av i framtida?»

LES FAKTALUKK FAKTA

Eg hugsar framleis min første skuledag. Det eg hugsar best, er at denne eine dagen kom eg presis. Men sjølv om eg alltid var litt seint ute, var eg alltid kunnskapstørst. Eg visste kor heldig eg var som fekk gratis utdanning. Eg fekk høyre at utdanning var det viktigaste av alt for barn og unge i alle land, og at dei som ikkje fekk det måtte leve i fattigdom. Nesten kvar dag fekk eg høyre at utdanning var det eg måtte prioritere for å lukkast og få meg ein god jobb. 

Så vart eg eldre. Og eg byrja gå lei av å stadig pugge matematikk, historie, geografi og religion. Kva var eigentleg så utruleg viktig med utdanning? byrja eg å lure på. Kan det verkeleg gje meg verktøy til å endre verda, skape eit samfunn for framtida? Sjølvsagt var eg takksam for at eg hadde lært å skrive, og for å ha lært meg eit språk eg kunne kommunisere med folk frå heile verda med. Men eg sakna å lære om ting som var relevant for livet mitt. Om utdanning var så viktig, lurte eg veldig på kvifor fag som medmenneskelegheit, grøn livsstil, ikkje-vald og psykisk helse stod på timeplanen min. For det eg høyrte om på TV, las om i avisa og jobba med i ulike ungdomsorganisasjonar, var jo klimakrisa, krig, svolt og depresjon.

«Alle kan ikkje presse interessene sine inn i skulen», fekk eg høyre.  Eg fekk høyre at eg måtte vere tålmodig. At eg måtte få gode karakterar, så eg kunne komme inn på ein god vidaregåande skule. Der fekk eg høyre at eg måtte få gode karakterar, så eg kunne komme inn på ei god utdanning på universitetet. Viss ikkje kunne det gå meg ille. Så eg fekk gode karakterar. Og eg fekk gode karakterar igjen. Eg kom inn på både VGS og universitet. Men framleis har ikkje utdanninga gitt meg det eg ynskte meg, framleis har eg ikkje fått lov til å dedikere tida til det eg brenn for:

Familien min er 7 milliardar menneske, og Moder jord. Eg får framleis høyre at skule er viktigast. At eg må reise på lesesalen og lese, så eg kan gjere det godt på eksamen og få meg ein god jobb. Men eg er ikkje ei lita nikkedukke lenger. Eg har lært meg å ta mine eigne val, og har bestemt meg. Eg har bestemt meg for at eg skal investere i å hjelpe menneska rundt meg og ta vare på naturen.

Eg meiner vi må tørre å tenke nytt om kva som er viktig og ikkje. Vi lever i eit samfunn der forbruket har gått oppover i fleire generasjonar, men lykkestatistikken har stått stille sidan 80-talet. Likevel jagar vi etter meir. Vi skal ha den beste elektronikken, den finaste bilen, det største huset, den koselegaste hytta og den raskaste båten. Og eit par reiser til Syden i året, så vinteren blir kort og familien faktisk får tid til å ete middag saman. Materialismen står sterkt. Så sterkt at vi sjeldan tør ta debatten om det har gått for langt. Då kan vi jo såre og fornerme kvarandre, og vi nordmenn er jo eit fredeleg folk. krangling vil vi ikkje ha noko av. Vi vil jo ha fred i Midtausten, vi vil hjelpe flyktningar og vi vil tenkje på miljøet, eller?

Då har eg ein ubehageleg beskjed å komme med til alle der heime i sofaen: Det er ikkje godt nok. Det er ikkje godt nok, det er ikkje godt nok. Det er ikkje godt nok at vi stemmer Høgre og Ap, når dei gjer blanke faen i miljøet. Det er ikkje godt nok at vi med glede kjøper klede produserte av barnearbeidarar som blir mishandla. Det er ikkje godt nok at vi vel Facebook framfor naboane våre. Det er ikkje godt nok at vi kastar 25 % av maten vår. Det er ikkje godt nok at vi ser tragedie på tragedie på nyheitene kvar kveld, for å halde deg «oppdaterte», og ikkje for å hjelpe eller bry oss! Det er ikkje godt nok at du et kjøt til alle måltid, fordi «ein real middag berre kan lagast med kjøt», når kjøt-og-meieriproduksjonen er ein større klimatrussel enn fossilt brensel.

Det er ikkje godt nok at vi køyrer bil til jobben og butikken når vi kan ta bussen. Det er ikkje godt nok at vi godtar at medmenneska våre blir behandla som dyr når dei prøver å flyte frå krig, og at vi stengjer dei ute frå Norge så dei ikkje skal ta ifrå oss jobbane våre. Det er ikkje godt nok at vi ser kapitalismen som den einaste måten å organisere verdsøkonomien på, når vi veit at resultatet er at 20 % av verdas befolkning sitt med 80 % av ressursane, og at vi er ein del av dei 20 prosentane.

«Edelt er mennesket, jorden er rik. Finnes her nød og sult, skyldes det svik», skreiv Nordahl Grieg. Det er dette vi må bygge samfunnet vårt på, ikkje konkurranse og knappheit. Knappheit er ein illusjon, ei løgn vi har blitt fortalt heile livet. At vi må konkurrere om levebrødet, om jobbane. Det er ei løgn!  Det vert produsert mat nok til å brødfø verdas befolkning, det er ikkje knappheit det handlar om. Det handlar om å fordele rettferdig, og å innsjå at vi er eitt. Vi er ein stor familie, og skjer det noko med ein av oss, treff det oss alle.

Globaliseringa har ført med seg mykje liding, men eg har trua på at det vil vere verdt det til slutt. Det vil vere verdt det når vi innser at vi er ein stor familie som må stå saman for kvarandre, og for planeten. Vi må tørre å leve for gode verdiar, og gje slepp på behovet for å leve av pengar. Kjærleik, mat og glede kjem ikkje av pengar – det kjem frå eit samarbeid mellom menneske og natur.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05
ANNONSE