Toåringar med dårleg språk fell utanfor sosialt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Toåringar med språklege avgrensingar går glipp av viktig sosial erfaring. Dersom dei utviklar ein strategi med å unngå noko dei ikkje meistrar, går dei gjerne inn i ein negativ spiral, og det går utover sjølvkjensla, seier doktorgradsstudent Elisabeth Brekke til VG.

LES OGSÅ: I desse barnehagane lærer alle borna teiknspråk

Brekke meiner at manglande språkkunnskapar kan føre til åtferdsproblem i skulen.

Resultata frå studiane vart lagt fram onsdag under den årlege forskingssamlinga til Stavangerprosjektet.

Stavangerprosjektet er eit forskingsprosjekt som følgjer utviklinga til over 1000 norske barn over tid og ser på kompetansen til barnehagebarna. (©NPK)

LES OGSÅ: Forskarar: Frileik best for språklæringa til små born