«Utopi med eit Noreg utan olje og gass i overskodeleg framtid»

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein utopi utan olje

– Det er heilt rett å seie at det vil bli mindre behov for olje og gass dersom klimapolitikken lukkast. Vi er allereie forbi den historiske toppen i oljeproduksjonen, som har vorte halvert sidan 2000. Men det er heilt feil å seie at klima og olje vert skilt frå kvarandre i norsk politikk, seier Kristian Tonning Riise, som er leiar i Unge Høgre.

– Eit veddemål mot klimapolitikken
Framtida.no ber Unge Høgre-leiaren kommentere den nye boka til redaktør i Norsk Klimastiftelse og nettmagasinet Energi og Klima, Anders Bjartnes.

I boka Det grønne skiftet – Stans Norges veddemål mot klimapolitikken argumenterer Bjartnes for at norsk klima- og energipolitikk ikkje heng saman.

Han skriv at sentrale norske aktørar legg til grunn at klimapolitikken vil verte mislukka, ved å ta for gjeve at den framtidige etterspurnaden etter olje og gass vert høgare enn klimaet toler.

Les intervju med Bjartnes her!

Forfattaren meiner at Høgre og Arbeidarpartiet må endre kursen. Alternativet til politikken som vert ført er at Noreg blir ein langt meir aktiv aktør i det globale grøne skiftet, meiner Bjartnes.

Meiner situasjonen er motsatt

Tonning Riise i Unge Høgre er ikkje einig i at klima og olje ikkje vert sett i samanheng i Noreg.

– Det er heller motsett. Klimadebatt går veldig fort over til å handle om ein er for eller imot olje, noko som er litt tullete. Eg meiner det er ein utopi å snakke om eit Noreg som ikkje produserer olje og gass i overskodeleg framtid, slår han fast.

Tonning Riise meiner norsk olje og gass vil vere ein viktig del av verdas energimiks, også dersom vi klarar å avgrense temperaturstiginga til ein auke på to grader.

LES MEIR: – Vêret på Finnmarksvidda stemmer ikkje lenger

– Den dagen fornybar energi naturleg utkonkurrerer olje og gass vil produksjonen stoppe, seier Unge Høgre-leiaren.

– Bør Noreg spele ei aktiv rolle i å gjere at fornybar energi utkonkurrerer olje og gass?

– Vi satsar allereie sterkt på investeringar i grøn teknologi. Dei som tek til orde for å stoppe utvikling av nye olje- og gassfelt tek ikkje høgde for at vi då får mindre pengar til å satse på fornybar energi. Det er urealistisk å tru at vi både skal få kraft i ei grøn omstilling, samstundes som vi skal drive ein velferdsstat som ikkje er berekraftig og ta høgde for store migrasjonsstraumar, utan olje- og gassproduksjon, seier Tonning Riise.

AUF vil ha mål om utfasing i 2035
AUF-leiar Mani Hussaini meiner på si side at Bjartnes har eit poeng når han peiker på at vi har ein klimapolitikk og oljepolitikk som ikkje vert sett i samanheng med kvarandre.

– Denne koplinga er vi nøydd til å gjere om vi skal nå målet vårt om å kutte 40 prosent av utsleppa våre innan 15 år. Her har det ikkje vore gjort nok tidlegare, såpass ærlege må me vere, men det verkar heller ikkje som regjeringa har ein plan for korleis dette skal gjerast, skriv Hussaini i ein e-post.

AUF-leiaren er klar på at den norske politikken i dag ikkje er ambisiøs nok til å vere i nærleiken av å nå togradersmålet.

– Dersom me fortset å utvinna olje og gass i det tempoet regjeringa legg opp til, med utredning og opning av nye felt høgt på ønskjelista, kan vi vinke farvel til den målsettinga som bør være styrande for norsk og internasjonal klimapolitikk.

Ungdomspartiet gler seg over at stortingsfleirtalet har gått imot flytting av iskanten. Dei meiner også at det er på tide å skrinleggja LoVeSe-debatten om oljeutvinning i Lofoten, Vesterålen og Senja.

– AUF meiner det er på tide å innsjå at vi ikkje kan halde fram med olje- og gassproduksjon i det omfanget vi gjer i dag, og difor går vi inn for å trappa ned norsk petroleumsindustri med mål om å fasa ut innan 2035. I staden må vi til dømes bruka kompetansen vi har i petroleumsnæringa til å satse på fornybare energikjelder. Vi må også satse på fiske, turisme og utbygging av kollektivtilbod.

Meiner dei store partia sviktar
Talsperson i Grøn Ungdom, Anna Kvam, også heilt einig i at klima- og energipolitikken ikkje heng saman.

– Vi i Grøn Ungdom prøver nettopp å peike på at dei store partia sviktar her. Nokre aspekt ved klimapolitikken er ikkje verst, som regnskogsatsinga, at klimasaka er langt framme i debatten, og at det vert satsa stort på energieffektivisering. Dette vert likevel dropar i havet så lenge vi ikkje gjer noko med oljepolitikken, som fører med seg langt større utslepp.

Kvam meiner norsk klimapolitikk har vore prega av dobbeltenking sidan 80-talet.

– Noreg har satsa stort på klimapolitiske tiltak som regnskogbevaring og kvotehandel. Det er viktige tiltak, men dei har også det til felles at dei ikkje påverkar olje- og gassnæringa.

– Må ha snarleg utfasing
Anna Kvam i Grøn Ungdom meiner Unge Høgre-leiaren si påstand like godt kan verte snudd på hovudet.

– Ein kan like gjerne spørje korleis ein skal kunne finansiere ein velferdsstat med den flyktningproblematikken som ei uløyst klimakrise vil føre til. Eg er heller ikkje einig i at avviklinga av olje- og gassproduksjon må inneber ein massiv reduksjon i velferd. Vi må ha ei styrt avvikling, seier ho.

LES OGSÅ: Grøn industri – orda som smakar fridom

Grøn Ungdom-politikaren meiner ein oljepolitikk som tek høgde for klimaendringane må ta sikte på snarleg utfasing av olje og gass.

– Vi må vri skatteføremonene over på andre næringar, slik at utvinningstempoet går ned. I tillegg må vi slutte å leite etter meir olje, i tillegg til all den vi har funne som ikkje er henta opp, seier ho.

– Bør la Barentshavet vere i fred
Bjartnes skriv at olje og gass frå Barentshavet ikkje vil kunne konkurrere med fornybar energi, med mindre klimapolitikken vert mislukka. Dette fordi ein vellukka klimapolitikk vil gjere fornybar energi meir lønsamt, og ressurskrevjande gass og olje mindre lønsamt.

– Avgjersla om Barentshavet må vere basert på utrekningar av om ei utbygging blir lønsam eller ikkje. Ein kan ikkje stoppe basert på ønsketenking om framtida, seier Unge Høgre-politikaren.

Tonning Riise meiner at verda vil trenge ein stor del av norsk olje og gass, også innanfor togradersmålet.

LES OGSÅ: «Framtida ser lys ut. Men me må få fingeren ut!»