– Vêret på Finnmarksvidda stemmer ikkje lenger

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dramatisk utvikling på Finnmarksvidda

– Vi har lært oss måtar å lese korleis vêret blir i morgon eller same dag når vi står opp. Men no stemmer ikkje desse metodane lenger, seier Inga Triumf (25) til NTB.

Mildare klima og fleire tre
Hundrevis av reinsdyr trampar over den somme stader grøne vidda, fire mil vest for Kautokeino. Det er tid for merking og slakting, og flokken blir henta puljevis inn frå haustbeitet.

Alle som har rein i distriktet Biedjovággi er med på dugnaden, akkurat som for hundre år sidan.

– Då eg var liten, kunne det vere minus 30 grader i oktober og november. No er det varmegrader, seier Triumf.

Ny teknologi har for lengst sett sitt preg på reindrifta. Klede med Gore-Tex og firehjulingar med ledlys er standard. No er også moderne problemstillingar som klimaendringar blitt eit tema på vidda.

– Det har blitt for mykje skog. Tregrensa går no heilt opp på fjelltoppane. Eg trur det kjem av dei høge temperaturane om vinteren og sommaren, seier Isak Mattis Triumf, faren til Inga.

7 grader varmare
Endringane som familien Triumf allereie merker, vil berre bli større framover, viser norsk forsking. I rapporten Klima i Noreg 2100, som nyleg blei publisert, har forskarane sett på korleis klimaet i Noreg vil bli når dei som er nyfødde i dag blir gamle nyfødde blir gamle.

– Dette er dramatisk. Finnmarksvidda vil få dei største endringane i både temperatur og nedbør, seier Inger Hanssen-Bauer, som har leidd arbeidet med rapporten.

LES OGSÅ:Spår dramatisk auke av stormflo og flaum

Organisert kaos når hundrevis av reinsdyr skal bli sortert og slaktedyra blir valt ut. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Trur ikkje folk bryr seg
– Nøyaktig kor mykje av dette som kjem av naturlege svingingar og kva som kjem av utslepp av klimagassar, er usikkert. Viktigaste årsak er likevel forureining og auke i drivhuseffekten, seier Hanssen-Bauer til NTB.

Spesielt mildvêrsperiodar om vinteren er kritisk for reindrifta. Snø som smelter og frys om kvarandre, legg eit islag over maten som reinen ikkje klarer å grave seg gjennom. For to år sidan døde nesten 100.000 dyr, viser tal frå Riksrevisjonen. Kor mange som døydde som følgje av isdekt beite, er usikkert,

– Eg trur ikkje dei som bor i dei store byane, er så opptatt av klima. Dei er ikkje like avhengig av naturen som det vi er. Det er nok vi som må ta støyten, seier Inga Triumf. (©NPK)

Ta den store klimaquizen!

Faktaboks

Viss utsleppa av klimagassar fortset å vekse som dei har gjort til no, meiner forskarane at Finnmarksvidda vil sjå svært annleis ut om 85 år:

* Permafrosten er heilt borte.
* Temperaturen er 7 grader høgare om vinteren og 4,5 grader høgare om sommaren.
* 20 prosent meir nedbør om vinteren, og 25 prosent meir om sommaren.
* Perioden med snø på bakken er to til tre månader kortare.
* Fleire periodar med mildvêr om vinteren.