«Har me nokon gong sett ein kvinneleg antihelt?»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinner vert diskriminert på film

– Eg ser framleis veldig ofte på film og tv at kvinnene berre er ein bikarakterar som skal støtta opp om eit mannleg prosjekt, seier skodespelar Siren Jørgensen.

38-åringen frå Stord er aktuell med hovudrolla i den psykologiske thrilleren Hevn, som er spelefilmdebuten til regissør og venninne Kjersti G. Steinsbø.

LES OGSÅ: – Tolkien ville aldri sendt kvinner i krig 

Hemnlysten med alternativt moralsk kompass
For det norske kinopublikummet er Siren Jørgensen eit ukjent namn og ansikt.

Men skodespelaren er godt van på teaterscena. Framtida.no møter Siren utanfor Folketeatret i Oslo, der ho i desse dagar speler rolla som Mrs. Banks i musikalen Mary Poppins.

Det er eit langt hopp derifrå og til hennar første store filmrolle.

I Hevn speler Siren rolla som Rebekka, ei gåtefull kvinne som kjem til ei lita fjordbygd der ho utgir seg for å vera journalisten Andrea.

Her oppsøkjer ho hotelldirektør Morten Holand (Frode Winther), som er bygdas gullgut og ordførarkandidat.

Rebekka tek på seg ei slags vigilante-rolle, der ho søkjer hemn for noko som har skjedd veslesystera for tjue år sidan.

Hemnen er ifølgje Siren langdryg og lunkent utført av ei kvinne, som viser seg å ha eit litt alternativt moralsk kompass.

LES OGSÅ: «Hunger Games» banar veg for heltinner

Saka held fram under biletet.


Rebekka har sitt eige alternative moralske kompass i filmen Hevn. Foto: Euforia/Den siste skilling

Annleis filmproduksjon
Det er berre eitt år sidan FN kom med ein rapport som slo fast at den internasjonale filmindustrien diskriminerer kvinner.

Under ein tredel av dei snakkande karakterane på film er kvinner, og berre litt over éin av fem hovudroller vert gitt til ei dame.

Menn er overrepresentert i alle ledd av filmbransjen og spesielt kvinnelege regissørar er sjeldne.

Siren tek sjølv opp Bechdel-testen – ein relativt enkel test som går ut på om filmar møter desse kriteria: Har filmen to namngitte kvinnelege karakterar? Snakkar desse med kvarandre? Og snakkar dei om noko anna enn ein mann?

Ho kjem fram til at ho trur Hevn består testen, som overraskande mange filmar ikkje består.

Og i lys av FN-rapporten, er Hevn ein ganske annleis produksjon, der både regissør og manusforfattar, hovudrolle, fotograf og produsent er kvinner.

Manuset er det Kjersti Steinsbø sjølv som har skrive, fritt etter Ingvar Ambjørnsen-romanen Dukken i taket, som òg er den meritterte forfattaren sin einaste roman med kvinneleg hovudkarakter.

Regissøren sjølv har tidlegare understreka at det er tilfeldig at produksjonen vart så kvinnesterk, at dei nærast måtte kvotera inn menn.

– Nokon har nok vore redd for at det skal verta mykje fokus på det, men eg tenkjer kvifor ikkje? Det er jo ein kvinnesterk film. Om nokon har negative konnotasjonar til kvinnefilm, så er jo det deira problem. Det seier litt om kor kort me har kome. Folk tenkjer vel på kvinnefilm som ein film om mjuke verdiar. Det er snodig, fordi dei fleste jentene eg kjenner er tøffe, sterke, morosame og sjølvstendige. Så kvifor kan ikkje dei òg verte portrettert på film? Det er nok slik at film framleis ikkje speglar verkelegheita heilt, meiner Siren.

Ho peikar på litteraturen der menn ofte les om menn, medan kvinner les om menneskjer.

– Det er liksom som om det er noko med kvinnesinnet som skal vera så utilgjengeleg. Menneske på engelsk er jo man, som er hovudmenneskjer. Det er jo forferdeleg at ein framleis heng igjen i slikt. For meg er det litt absurd, fordi eg tenkjer lite i kjønn. Eg relaterer til menneskjer.

LES OGSÅ: – Som kvinne er det vanskeleg å tørre å vera upopulær 

Hore eller Madonna
Tidlegare i år sette NRK fokus på det dei kalla hovudrolletørke for kvinner i norske tv-seriar.

Siren trur norsk filmbransje er betre enn Hollywood, men at det òg her er ei innstilling som må endrast noko, utan at det er behov for ei heilomvending.

– Eg har vore litt skeptisk til kvotering, men om det er den einaste måten å få kvinner inn, så kanskje. Men det må jo vera ei historie som skal forteljast. Det er dei beste historiene som skal fram, og kvifor skulle ikkje det vere historier fortalt av kvinner? Me er jo halvparten av befolkninga, understrekar skodespelaren.

Sjølv likar ho best å spela kvinner med litt tak i, som hemnlystne Rebekka utan tvil har.

– Roller som dette kjem ikkje rekande på ei fjøl. Går du på audition er det ganske ofte supporting roles til menn som har eit prosjekt. Eller damer som er i ein skilsmissesituasjon. Mykje er relatert til familie, seier 38-åringen, og held fram:

­– Eg har diskutert dette ein del med venninner. Har me nokon gong sett ein kvinneleg antihelt? I denne filmen vil eg seie at Rebekka er ein slags antihelt. Ho er ikkje ei akkurat ei heltinne, for ho er veldig patetisk innimellom og har mange feil, seier Siren, som ikkje er heilt viss på om alle vil vere einig i hennar definisjon av ein antihelt.

Ho meiner at antiheltar ofte er menn, og at kvinner ofte vert framstilt som anten hore eller Madonna.

Rebekka er verken det eine eller det andre.

Siren karakteriserer hemnaren Rebekka som sårbar, framfor ei kick-ass The Bride frå Kill Bill-filmane.

Saka held fram under biletet.


Regissør Kjersti Steinsbø frå Stord spelefilmdebuterer med Hevn, fritt etter Ingvar Ambjørnsen-romanen Dukken i taket. Foto: Euforia/Den siste skilling

Jenter som ikkje blir trudd
På same måte som journalisten Andrea ikkje er den ho gjev seg ut for, vert det snart tydeleg at prektige Morten Holand ikkje er den mannen både kona og resten av bygda ser.

Ei av dei som har freista å fortelja sanninga, men opplever å ikkje bli høyrt er ungjenta Maya, som vert spelt av Helene Bergstrøm, kjent frå filmatiseringa av Få meg på, for faen.

– Eg tykkjer dette med jenter som ikkje blir høyrt og trudd nesten er det viktigaste aspektet med filmen. Jenter, som har frykteleg mykje å tapa på å gå ein ekstra runde i ein rettssak. Det skjer over alt at menn med makt og posisjonar tek for seg og manipulerer sanninga, seier Siren.

Ho ser parallellen til Vågå-saka og viser òg til saka om ein norsk basketballtrenar, som i fjor vart dømt for ei rekkje valdtekter. Så har me jo den tidlegare amerikanske presidenten Bill Clinton og Lewinsky-saka.

Og sjølv om ho ikkje er ein forkjempar for borgarvern, kan Siren skjøna at karakteren er freista til å ta lova i eigne hender.

– Det er ekstremt låge straffer for valdtekt i Noreg, med mindre det er grove overfallsvaldtekter. Det er jo umogleg å vete om noko er frivillig, difor er det mykje gråsoner, seier Siren, som trur strengare fengselsstraffer vil verka meir preventivt.

– I tillegg må det ikkje vere jenta som får ansvaret for å kle meir på seg, gå heim i flokk og ikkje drikka seg for full. Det er jo berre heilt forferdeleg trasig at ein skal vere redd for å gå heim når ein har drukke tre øl og har på seg skjørt. Når blei det sånn? Det er veldig, veldig urettferdig.  

LES OGSÅ: Overgriparen skal ikkje få skade fleire

Sjå regissør og skodespelarar fortelja om filmen her:

HEVN Promo from Den siste skilling on Vimeo.