– Tolkien ville aldri sendt kvinner i krig

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ville aldri sendt kvinner i krig

I natt var entusiastiske fans over heile landet på norgespremieren på den andre filmen basert på J.R.R Tolkien si barnebok Hobbiten. Ein av dei var Nils Ivar Agøy, historikar teolog og omsettar – av Hobbiten.

Han kan òg smykke seg med tittelen forfattar av mellom anna Mytenes mann – J.R.R. Tolkien og hans forfatterskap. 

LES OGSÅ: Hobbiten – frå tynn bok til trilogi på ni timar

Barnebok til film
Barneboka frå 1937, som er 238 sider lange i den norske versjonen, har vorte til teiknefilm før. No er den store trilogisatsinga kome til den krevjande andrefilmen med tittelen Smaugs ødemark.

Agøy tykkjer ikkje boka er for kort til å vere ein trilogi. Han meiner boka, som Tolkien skreiv lenge før Ringenes Herre var påtenkt, er godt eigna til dramatisering fordi ho har ei tydeleg oppbygging.

Sjølv om han meinar at både Hobbiten-filmane og Ringenes Herre-trilogien er filmar med stor respekt for bøkene er det sjølvsagt ting han saknar. Beorn har til dømes fått ei mindre rolle på film enn i teksten. I tillegg meiner han at nokre av dei ekstra handlingselementa i Hobbiten-filmane ikkje er naudsynte.

– Eg skjønar at det er eit press frå samfunnet og publikum om fleire kvinner og  kvinneroller, men Tolkien ville aldri sendt kvinner ut på krigsstien, forklarar Agøy, som likevel ikkje trur forfattaren hadde motsett seg dei streke kvinneskikkelsane.

Linkane mellom dei to filmtrilogiane er tettare enn linkane mellom bøkene. Døme på dette er Galadriel og Sarumann, som ikkje figurerer i Hobbiten-boka, har fått ein plass på lerretet i Hobbiten-filmatiseringa.

At begge trilogiane vender seg til eit ungdomspublikum er noko anna som skil seg frå bøkene. Medan Hobbiten er ei barnebok, har Ringenes Herre ein vaksnare bodskap.

LES OGSÅ: Tre gongar Hobbit-film

Saka fortset under biletet.


Hobbiten Bilbo vert spelt av Martin Freeman. Foto: Mark Pokorny/ MGM & New Line Productions

Meir actonfylt andrefilm
Førstefilmen, Hobbiten: En uventet reise, trakk 449.225 publikummarar til norske kinoar i fjor. Det er ingen grunn til å tru at andrefilmen vil gjere det noko dårlegare. Filmmeldarane har vore positive. NRKs Birger Vestmo meinte at høgdepunkta stod i kø. Denne filmen er meir actionfylt enn den førre.

Å lage film av slike folkekjære bøker er alltid ei utfordring. Å tekste dei er òg ei utfordring. Agøy har vore med å arbeidd som konsulent for dei norske tekstane som akkompagnerer den engelske talen til Hobbiten-filmane. Mange av utfordringane er dei same som då han omsette boka. Men Agøy kan fortelje at han ikkje har fått nokre negative reaksjonar på filmtekstinga til no. Ingen tilbakemelding på filmtekst tyder på at ein har gjort noko riktig.

LES OGSÅ: – Eg likar vitsinga med språket

Utfordrande attdikting
Mange har eit nært forhold til J.R.R Tolkien sitt univers. Agøy er ein av dei som kanskje har det næraste forholdet. Han las Hobbiten for første gong for nærare 40 år sidan, då var han 15-16 år. Agøy omsette sjølv boka på nytt i 1997. Den første norske utgåva kom i 1972. Først i 2008 kom den nynorske versjonen, omsett av Eilev Groven Myhren.

– Eg hadde alt omsett Silmarillion, som var skikkeleg vanskeleg. Difor var Hobbiten ei lett bok å omsette, forklarar Agøy.

Tolkien har mange dikt fletta inn i bøkene sine. Desse var dei vanskelegaste å omsette. Når fleire av dei har ein ferdig melodi til, er det viktig å halde seg på like mange stavingar, i tillegg til at innhaldet skal likne og vere i diktform.

Ein kan ikkje ta seg mange fridomar som omsettar, sjølv om lesarane gjerne tek seg nokre.

– Mange lesarar hoppar over desse dikta, noko som ikkje er særleg lurt, fortel omsettaren.

Om Hobbiten er lett å omsette samanlikna med Silmarillion, betyr ikkje det at ho er enkel å omsetje. For å omsette J.R.R. Tolkien sine klassikarar må ein ha god kjennskap til heile hans forfattarskap og univers. Det same krevjast for å tekste filmane, der ein høyrer originaltalen parallelt med at ein les teksta.

LES OGSÅ: Samtidas trolllmenn

Saka fortset under biletet.


Det er meir action i den andre filmen i Hobbiten-trilogien. Foto: MGM/ Filmweb

– Seier ikkje jøss
Engelsken i bøkene og filmane liknar ikkje den engelsken ein høyrer i England eller Amerika. Det er difor viktig å styre unna moderne ord.

Ein anna ting som ikkje gjer seg mellom alvar, hobbitar og dvergar er banning, slik me kjenner det.

Tolkien var katolikk og unngjekk bevisst referansar til kristendommen, kan Agøy fortelje.

– Det vert difor heilt feil om nokon seier jøss, eller ord som viser til djevelen.

Trass i at ein ikkje har mykje fridom som omsettar må ein ofte tenkje eitt hakk vidare. Det kan verte for direkte omsett. Ofte må ein nytte omsettingar som ikkje er heilt opplagte.

– Yngre kjenner dårlegare til engelsk idiomatikk enn ein skulle tru, forklarar Tolkien-entusiasten.

Mange vil gjerne nytte nesten "same" engelske ord i omsettinga, utan å tenkje på at tydinga kan vere annleis.

– Dei har gjerne lest bøkene på engelsk og vert litt paffe når teksten på filmen ikkje er den mest opplagte omsettinga.

Så kva omsetting er Nils Ivar Agøy sjølv mest nøgd med?

– Gollum seier «curse us and crush us», noko som ein ikkje ville sagt på engelsk. Det vart omsett til «svert oss og svi oss», som ein heller ikkje ville sagt på norsk, dreg Agøy fram.

Sjå trailer for Hobbiten: Smaugs ødemark i vindauga under.