Kringkastingsprisen til NRK Super
Blir den første organisasjonen som får prisen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Får kringkastingsprisen
NRK Super blir tildelt Kringkastingsprisen for sitt språkmedvitne arbeid med å inkludera heile folket i barne-TV.
NRK Super blir styrt av ein språkmedviten redaksjon som tar borna sin identitet og sjølvkjensle på alvor, heiter det frå juryen til Kringkastingsringen.
Juryen meiner arbeidet til NRK Super ber preg av eit ønskje om å inkludera heile folket i allmennkringkastinga, og skriv:
«NRK sitt barnetilbod speglar det norske kulturmangfaldet slik det er. Dei let norske born høyre sitt eige talemål på radio, fjernsyn og i nettportalen sin – uansett bustad og bakgrunn. Radio- og fjernsynssendingane har hatt ein enorm vekst i nynorsk og dialekt dei siste fem åra, og står no i spissen for NRK sitt språkmangald. Med auka konkurranse frå TV-kanalar som Disney og Cartoon Network, og straumetenester som Netflix, som ikkje tek noko særleg ansvar for å vise born det norske språkmangfaldet, er det endå viktigare at NRK Super står fram og er den allmennkringkastaren me fortener.»
NRK Super er den fyrste organisasjonen som mottar prisen. Tidlegare prisvinnarar er Marta Norheim, Ingunn Solheim og Morten Sandøy.
Prisen er eit vakkert grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva og blir delt ut på torsdag.
Faktaboks
Desse har tidlegare vunne prisen:
2014 Marta Norheim
2013 Ingunn Solheim
2012 Knut Magnus Berge
2011 Morten Sandøy
2010 John Skien
2009 Yasmin Syed
2008 Trude Teige
2007 Ingerid Stenvold
2006 Harald Bøe
2005 Are Kalvø
2004 Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
2003 Arne Hjeltnes
2002 Gry Molvær
2001 Egil Johan Ree
2000 Siri Lill Mannes
1999 Ingolf Håkon Teigene
1998 Ingvild Bryn
1997 Bjørn Bø
1996 Astrid Versto
1995 Kari Sørbø
1994 Ragnhild Sælthun Fjørtoft
1993 Oddgeir Bruaset
1992 Astrid Brekken
1991 Martin Lohne
1990 Per Riste
1989 Nils Gunnar Lie
1988 Sigvart Østrem
1987 Gunvor Hals
1986 Ingrid Espelid Hovig
1985 Svanhild Mundheim
1984 Steinar Brauteset
1983 Andreas Lunnan og Gustav Moberg
1982 Herbjørn Sørebø
1981 Olga Meyer
1980 Rolf Myklebust
1979 Henning Rivedal
1978 Hartvig Kiran og Arthur Klæbo