Ny KrFU-leiar: – Har store draumar for korleis vi kan forandre verda

Ida Lindtveit vil kjempa mot fattigdom både her i Noreg og i verda.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny KrFU-leiar: Har store draumar

Ida Lindtveit frå Oppegård blei valt til leiar i KrFU no i helga. Ho tar over etter Emil Andre Erstad, og er med dét med på å betra kjønnsbalansen mellom leiarane av ungdomspartia.

Lindtveit kjem frå vervet som første nestleiar, og har jobba som politisk rådgjevar på asyl og utdanning i stortingsgruppa til KrF.

LES OGSÅ: Kvinner ute av toppen i ungdomspartia

Gratulerer med vervet! Kva er dei viktigaste vedtaka de gjorde på landsmøtet dykkar?

– På landsmøtet vedtok vi ei kuttliste til statsbudsjettet for 2016, slik at budsjettet blir meir berekraftig. Det er viktig at ungdomspartia tar ansvar for å legge til rette slik at framtidige generasjonar får like gode, om ikkje enda betre, velferdstilbod som dag. Vi vedtok også ein resolusjon om tar til orde for at asylsøkjarar bør få kunne jobbe før dei har vore på asylintervju. Talet på flyktningar som kjem til Norge aukar og då må vi legge til rette for at flyktningane raskt skal få integrere seg i det norske samfunnet. Ein annan konsekvens av at det kjem fleire flyktningar til Norge, er at talet på papirlause menneske blir høgare. KrFU meiner vi må gje desse same helseteneste som asylsøkarar.   

Kvifor er det bruk for KrFU i norsk politikk?

– Fordi norsk politikk treng eit parti som alltid sett kampen for dei svakaste først og som ser utover eigne landegrenser. Norsk politikk treng også eit parti som bidreg til å setje fokus på at generasjonar i framtida skal ha like gode kår som vår generasjon. 

LES OGSÅ: KrFU-leiar delte ut kondomar

Kva vil KrFU merke av forskjell med deg som leiar?

– Eg vil halde fram med det gode arbeidet som Emil har gjort med å markere KrFU sin politikk i media, og for at alle skal føle seg velkomne i KrFU. Eg vil jobbe aktivt inn mot stortingspolitikarane til KrF for å få gjennomslag for god KrFU-politikk, også på Stortinget.

Kva er det som har gjort at du har engasjert deg?

– Eg har alltid vore opptatt av at vi må gjere meir for å skape ei rettferdig verd. Vi i Norge lev i ein luksus som andre berre kan drøyme om, og har alle moglegheiter framfor oss. Eg meiner det er småleg når Norge kuttar i løyvingane til verdas fattige. Vi har nettopp fått nye berekraftsmål, som er reiskapen vår for å utrydde ekstrem fattigdom. Dette er KrFU sin viktigaste kamp, og vi vil derfor alltid kjempe for at ikkje verdas fattige blir nedprioritert.

Kva er hjartesakene dine?
– Kjempe mot fattigdom både her i Norge og i verda, eit betre tilbod for unge som slit psykisk, og at vi allereie no må ta tak for ein berekraftig velferdsstat, slik at min generasjon og generasjonane etter oss også vil leve i eit godt velferdssamfunn.

Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom som ikkje er engasjerte når fram til dei som styrer?

– Ungdomsråd bør bli lovpålagt på lik linje med eldreråd og råd for funksjonshemma, slik at vi i alle kommunar sikrar at ungdom kan uttale seg om sakar som påverkar dei og bli lyttet til av politikarane.

LES OGSÅ: Her blir KrFU-leiaren deportert av KGB

Korleis vil KrFU gjera skulen endå betre?

– KrFU meiner trivsel er grunnlaget for all læring. Det blir ikkje ein betre skule, eller betre resultat om elevar gruar seg til å gå på skulen om morgonen i frykt for å bli mobba på skulen. Derfor meiner vi kvart fylke må ha eit mobbeombod. Vi meiner alle elevar skal bli sett og få tilpassa undervising til sitt nivå. Då er det viktig med nok lærarar i skulen, slik at elevane opplever lærarar som har tid til å hjelpe dei når dei treng det. Vi må også la lærarane vere lærarar, og ha fleire yrkesgrupper inn i skulen som helsesystrer og skulepsykologar.

LES OGSÅ: Vil ha livsmeistring inn i skulen

Kva bør Noreg leva av når oljen er brukt opp?

– Vi må byrje å bygge fornybarsamfunnet allereie no. Derfor treng vi auka investeringar i fornybar energi, satsing på forsking og på gründerar som har gode innovative idear som vil vere levedyktige over tid og bra for miljøet.

Kva er idealsamfunnet?

– Idealsamfunnet er et samfunn der alle menneske får realisert sitt potensiale. KrFU har store draumar for korleis vi kan forandre verda vi lever i, samstundes som vi veit at verda aldri vil bli perfekt.

QUIZ: Kva veit du om KrF?

Faktaboks

Ida Lindtveit

Aktuell: Nyvalt leiar i KrFU
Alder: 22
Studerer: Har bachelor i Europastudiar
Favorittfag på skulen: Gym
Første verv: elevrådsmedlem på barneskulen
Medlem i (utanom KrFU): Norsk målungdom 
Kva gjer du i fritida? Dommar og medlem i teknisk komité for Rytmisk Gymnastikk under NGTF. 

Sentralstyret i KrFU:
1. nestleiar: Kristoffer Rolland
2. nestleiar: Martine Tønnessen
Maria Moe (internasjonal ansvarleg)
Tove Welle Haugland
Reid Ivar Dahl
Hanne Lilleberg
Vara: Astrid-Therese Theisen