Kraftig auke i talet på flyktningar via Russland til Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire flyktningar kryssar russargrensa

Talet på flyktningar som kjem frå Russland til grensekontrollen Storskog i Finnmark, har auka kraftig.

I fjor registrerte ein 12 flyktningar som kom denne vegen. Medan det hittil i år har kome 884 flyktningar til Noreg over russargrensa.

– Vi ventar ny rekord i talet på flyktningar som kjem til grensa fredag. Det er venta 100 asylsøkjarar til Storskog i kveld. Russisk lov forbyr flyktningane å koma til fots så dei fleste syklar, nokre kjem også over med bil, forklarer politiadvokat Jens Bernhard Herstad til NTB.

LES OGSÅ: Ventar fleire hundre flyktningbarn framover 

Sprengt kapasitet
Fleirtalet av flyktningane kjem frå Syria men det er også andre nasjonalitetar. Tidlegare år har det kome mellom ti og tolv flyktningar over grensa per år.

– Gruppa er samansett, men dei er gjennomgåande ressurssterke menneske, barnefamiliar og fleire har budd i Russland i kortare eller lengre tid, forklarer han.

Etter mottaksfasen blir flyktningane frakta til transittmottak eller kortvarig opphald i Aust-Finnmark i anten Kirkenes, Neiden eller Vadsø. Derfrå skal dei transporterast vidare for å frigjera kapasitet til nye flyktningar som stadig strøymer til grensa.

– Kapasitetane våre er heilt sprengde, vi er på grensa til kva vi klarar å handtera. Dette gjeld spesielt å gje tak over hovudet til flyktningane. Det bind opp store ressursar for å gjennomføra forsvarleg behandling og kontroll i mottaksfasen, seier Herstad.

LES OGSÅ: Syria: Eit folk på flukt

Skal bu på hotell
150 syriske flyktningar som har kome over grensa frå Russland til Finnmark tidlegare denne veka, skal bu mellombels på hotellet Sulitjelma i Fauske i Nordland, stadfestar Regionsjef i Hero, Vidar Torheim til Avisa Nordland.

– Dette er ei mellombels løysing fordi mottaka i landsdelen er fulle, seier rådgjevar Jo Aurvoll ved UDIs regionkontor i Nord-Noreg til NRK.

Flyktningane landar i Bodø laurdag, opplyser UDI, og kjem til Fauske kommune i to puljar. (©NPK)