Nynorsk for vaksne innvandrarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flyktningar og innvandrarar utgjer ein stor del av folketalsveksten i Noreg. Ved å gje opplæring på bokmål i nynorskkommunar undergrev kommunane sine eigne språkvedtak. Dei produserer bokmålsbrukarar inn i lokalsamfunn der kommunen ynskjer at språket skal vere nynorsk. Det vil mållaget gjere noko med.

– Det er to grunnar for å undervise på bokmål som går att, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Den eine er at læremidla ikkje er gode nok, og den andre er at det blir for dyrt å gå over til nynorsk. Men det stemmer ikkje. Dei læremidla som finst på nynorsk i dag, er meir enn gode nok til å gje ei fullgod norskopplæring for vaksne innvandrarar. Somme kommunar har jamvel undervist på nynorsk i godt over ti år, seier Tennø, som heller ikkje kjøper argumentet at det blir for dyrt å endre praksis.

– Ved å ta innføringa av nynorsk gradvis, vert innkjøp av nye læremiddel gjort over fleire år. Opplæringssentera har eit årleg innkjøpsbudsjett til fornying av læremidla, seier Tennø.

LES OGSÅ: Nynorsk for nye norske

Store føremoner
Ho ser at det kan vere ei lita kneik å endre praksis, men meiner at føremonen er langt større enn ulempene.

– Dette burde vere heilt sjølvsagt. Folkeveksten i landet vårt kjem i dag av utanlandsk innvandring. Innvandrarar er viktige tilflyttarar for heile Distrikts-Noreg. Det er difor viktig at dei som buset seg i nynorskområde, lærer det lokale språket.

– For det er vel slik at ungane lærer nynorsk på skulen?

– Det stemmer. Born som kjem til ein nynorsk skulekrins, får stort sett automatisk nynorskopplæring gjennom innføringsklasser eller når dei byrjar rett i si eiga klasse. Då blir det underleg om ikkje foreldra skal lære det same språket.  Lærer foreldra det same språket som borna på skulen, vert det lettare å hjelpe dei med leksene og å forstå skriv og meldingar frå skulen. Nynorskopplæring i vaksenopplæringa kan vere med å gjere det lettare å kome inn i det norske samfunnet, fordi ein lettare forstår det munnlege talemålet. Då vert det også lettare å forstå dialektar frå alle delar av landet.

LES OGSÅ: Vil at innvandrarar skal få læra nynorsk

Lokal innsats
Opplæringsspråket er ikkje regulert i noko lovverk. Difor er det opp til kvar einskild opplæringsinstitusjon eller kommune å avgjere kva språkopplæring dei vil tilby dei vaksne innvandrarane. Praksisen er ulik frå kommune til kommune. I mange kommunar har ikkje spørsmålet om språkopplæringa vore til politisk handsaming.

– Dette er grunnen til at me no lagar ein kampanje. Lokale mållag kan arbeide for nynorsk vaksenopplæring i eigen kommune. Dette er eit viktig og kjekt arbeid, og me vonar at så mange som råd vil ta i eit tak.

Faktaboks

Nynorsk vaksenopplæring

Om lag 43.000 vaksne innvandrarar får i dag norskopplæring i Noreg. Noregs Mållag gjorde ei gransking våren 2015 som syner at berre 39 av 113 nynorskkommunar gjev innvandrarane slik opplæring på og i nynorsk.

Dei som har rett på gratis opplæring i norsk og samfunnsfag, er asylsøkjarane som ventar på vedtak eller familiemedlemer til innvandrarar som har fått opphald i Noreg. Arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS og familiane deira må sjølve betale for undervisninga. Arbeidsinnvandrarar frå EØS-landa har korkje rett eller plikt til norskundervisning, men kommunen kan setje i gang norskkurs for desse mot betaling. Kursa kan også vere gratis om kommunen ynskjer det.

Kampanjen:

I kommunar med nynorskopplæring

– Positiv merksemd: blomehelsing, takkebrev frå Noregs Mållag, besøk på opplæringssenteret og kanskje gjere stas på senteret med kake eller liknande.

I kommunar utan nynorskopplæring

– Undersøke stoda: få stadfesta kva som er praksis i dykkar kommune, ta ein prat med opplæringssenteret.

– Gjere det til ei politisk sak: sende brev til kommunen, gjere framlegg til politisk vedtak

– Informere om nynorsk materiell og ressursar. Tipse om stader der det er nynorsk opplæring.