Kven fortener utmerking for sin bruk av nynorsk i næringslivet?

Faktaboks

Tidlegare vinnarar:

2014: Kleven Maritime As

2013: Skogstad Sport AS

2011: Ægir bryggeri

2008: Kari Traa

2007: Hotel Alexandra

2006: Lerum AS

LES FAKTALUKK FAKTA

Noregs Mållag ber om tips til kandidatar som fortener å få kudos for korleis dei bruker nynorsk i næringslivet. Fristen forå sende inn framlegg med grunngjeving til Nynorsk næringslivspris 2015 er 20.oktober.

Prisen skal fremje innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd, og alle typar næringsverksemd som ikkje er omfatta av Mållova kan motta prisen.

LES OGSÅ: Går kanskje frå bokmål til nynorsk

Mållaget håpar prisen vil verke inspirerande for næringslivet.

I fjor var det Kleven Maritime AS som fekk prisen, blant anna fordi:

«Kleven har eit medvite syn på val av målform, både internt og eksternt. Verksemda har mange utanlandske tilsette, og legg vekt på god norskopplæring av desse. Under ONS i Stavanger 2014 fekk Kleven pris som ei av dei beste utstillingane på oljemessa, og i grunngjevinga trekte juryleiaren fram at verksemda nytta verdigrunnlaget på nynorsk som slagord og blikkfang. Dette er eitt av fleire døme på at den aktive språkbruken også har vore ei føremon for verksemda.»

Mellom dei tidlegare vinnarane finn ein Lerum AS, Kari Traa og Ægir bryggeri.

LES OGSÅ: Sanningssøkjaren

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

Kommentarar

ANNONSE