Samfunnsforskar Helge Lurås kjem med skarp kritikk av den norske innvandringsdebatten og fryktar at det norske samfunnet vil bryta saman som følgje av innvandring.

Jonas Sætre
Jonas Sætre
Faktaboks

 Framtida.no har byrja å samarbeida med podcastenUten Filter, og vil publisera fleire episodar framover i haust.

Jonas Sætre står bak podkasten og har ansvaret for innhald og produksjon. Sætre har tidlegare jobba som nyheitsjournalist i NRK, Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og arbeidd frilans for ei rekkje publikasjonar. Av utdanning har han ein bachelor i historie, med spesialisering i amerikansk politisk historie, mellom anna frå American Univerisity i Washington, D.C.

LES FAKTALUKK FAKTA

Europa står akkurat no framføre den største migrasjonskrisa sidan 2. verdskrig, og makthavarane har førebels ingen løysing på det enorme problemet. Men der mange vil at Norge skal opne grensene og ta inn fleire flyktningar, er det andre som åtvarar. No også frå forskarhold. Helge Lurås, leiar for Senter for internasjonal og strategisk analyse (SISA) kjem i si aktuelle bok «Hva truer Norge nå?» med skarp åtvaring mot at Norge kan bli eit land med store konfliktar og ustabilitet dersom ikkje grensene vert stramma inn.

HØYR OGSÅ: Går til krig mot fleirtalet

– Innvandring har potensielt destabiliserande konsekvensar, om me samanliknar oss med alle multietniske land. Dette går på terrortrugsel og ekstremisme knytt til innvandrargrupper, men også motreaksjonar frå den etnisk norske befolkning, som Breivik var eit døme på, seier Lurås.

– Eg meiner me må vere forsiktige med å redusere den etnisk norske befolkninga for langt ned relativt til det ein kan kalle innvandrargrupper.

Lurås viser til at i SSB sine folketalsframskrivingar i 2100, vil vere eit klart fleirtal av innvandrarar relativt til etnisk norske. SSB har nyleg tilbakevist dette, men Lurås meiner SSB er uærlege med tala fordi dei ikkje tek med barnebarn av innvandrarar i analysen

– Om den etnisk norske befolkninga held fram med å synke er eg redd me vil få ein situasjon kor polariseringa og motsetnadane vil auke, og den politiske praksisen vil dreie seg mykje om dei relative størrelsane til gruppene.

Lurås trur dette vil bli forsterka dersom den norske økonomien går inn i ein stagnasjon, der ein lågare levestandard vil føre til ein meir innbitt kamp om ressursane.

Høyr intervjuet med Helge Lurås her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE