Norske tenåringar er jamt over nøgd og har store forventningar og ambisjonar for vaksenlivet. Fagfolk åtvarar mot å bli for utolmodige i jakta på eit liv med høgt forbruk.

NPK-NTB-Mette Estep
NPK-NTB-Mette Estep

Ifølgje Ungdata trur tre av fire i ungdomsskulen og vidaregåande skule dei vil bli lykkelege vidare i livet, og heile 45 prosent seier at dei ikkje trur dei nokon gong vil bli arbeidsledige.

– Eg synest dette er veldig hyggeleg, og sannsynlegvis har dei eit korrekt syn på framtida. Det kan sjølvsagt skje dramatiske ting som vil endre livet i Noreg, både på grunn av klimaendringar og økonomi, men ut frå korleis vi har det no, er nok ikkje forventningane urealistiske, seier psykolog Peder Kjøs til NTB.

Trua på god økonomi er også der. 87 prosent av ungdommane trur dei vil eige sin egen bustad i framtida. Berre 1 prosent svarer nei på dette.

– Om du sjekkar kor mange på for eksempel 45 år som eig eigen bustad, er det omtrent like mange, påpeiker Kjøs.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at ni av ti i alderen 36 til 66 år eig egen bustad. Blant yngre vaksne er delen langt lågare, og den har sokke dei siste tiåra.

LES OGSÅ:Bustadhaiar skvisar unge ut av marknaden

Godt vane
Dei unge er i aukande grad mykje av fritida si heime, med god og gratis tilgang på digital underhaldning. Norske bustader er blitt større, så dei fleste tenåringar har eige rom, og mange disponerer kjellar- eller loftsstove til samvær med venner. Inntekta til foreldra finansierer i dag ein mykje høgre levestandard enn for 15– 20 år sidan.

Så mange som sju av ti unge er «svært nøgd» med foreldra sine, og dei aller fleste opplever dei som viktige støttespelarar i kvardagen.

– Foreldre har ikkje lenger den autoritære og utmelde rolla, dei er tettare på og meir interesserte enn nokon gong. Eg trur vaksne er betre foreldre no enn før, seier Kjøs.

Psykologen peiker på at foreldre må finne balansen når det gjeld å ruste barna til å stå på eigne bein:

– Ein god forelder passar på at utfordringane barna får er store nok til å vekse på, ikkje så store at dei knekkjer dei og ikkje så små at barna blir bortskjemt.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress

Kvartlivskrise
Kjøs trur foreldre bidrar til at barna får høge forventningar til kor godt livet blir, men at det er ein levestandard som kan bli vanskeleg å halde oppe når ein flytter heimanfrå.

Tal frå Ipsos MMI for DNB viser at nærmare ein halv million unge mellom 20 og 30 år seier dei er blakke, nokon ofte, andre sjeldnare. Når dei manglar pengar, er det svært få som seier dei sparar, ventar, kutter forbruket eller jobbar ekstra. Blant studentane seier to av tre at dei låner av familien og fire av ti at dei bruker kredittkort. Blant unge i jobb seier omtrent halvparten at dei ville lånt av familien eller brukt kredittkort.

– Det er ikkje akkurat noko nytt å låne av mamma og pappa, særleg ikkje viss ein vet at dei har god råd, men det er skremmande at så mange tyr til kredittkort, seier Kjøs.

Forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB meiner det er tabubelagt å vise at ein ikkje har råd:

– Vi snakkar ikkje om det, i frykt for at dei rundt oss skal sjå på oss som «mislukka». Sjølv om ein er ung og kanskje student, ligg det ei slags forventning der frå omgjevnadane om å ha meir kontroll. Unge samanliknar seg også mykje med andre. Sosiale medium blir ofte brukt som referansepunkt og er med på å forsterke kjensla av å ikkje strekke til. (©NPK)

LES OGSÅ:– Skremmande mangel på kunnskap

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE