Ny runde om vestlandsuniversitet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan bli større enn UiB

Det vart klart etter eit todagars møte som Kunnskapsdepartementet hadde kalla saman til i Bergen med Universitetet i Bergen og høgskulane på Vestlandet denne veka, skriv universitetsavisa i Bergen, På Høyden.

Statssekretær Bjørn Haugstad (H) oppnådde der å få i stand nye samtalekonstellasjonar og kanskje noko som kan bli ei løysing på vestlandsfloka.

– Det vi har diskutert desse to dagane, har kimen i seg til å bli ei løysing. Men det er for tidleg å seie om dette er sjølve løysinga, seier Haugstad til avisa.

LES OGSÅ: Volda, Lillehammer og Molde diskuterer ny høgskuleallianse

– Naturleg steg
Mens Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) før har stått steilt på at dei vil stå åleine, har dei no sagt seg villige til å vurdere ein fusjon med Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Bergen. Det kan resultere i det som da blir den største utdanningsinstitusjonen på Vestlandet med rundt 15.500 studentar.

Rektor Rasmus Stokke ved HiSF ser det som eit naturleg steg å sjå på ein slik universitetsmodell, så sant styret ved høgskulen vil gjere om vedtaket sitt om sjølvstende.

– Ei utgreiing kan føre fram til ein samanslått institusjon, men det kan òg komme fram andre organisasjonsformer på vegen, seier Stokke.

LES OGSÅ: Droppar tvangssamanslåing av høgskular

Volda går for sjølvstende
Høgskulen Stord/Haugesund har tidlegare ønskt å slå seg saman med Universitetet i Stavanger, men dei to institusjonane har ikkje klart å bli einige. Dermed held Universitetet i Stavanger fram åleine.

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda har ikkje noko ønske om hengje seg på universitetsplanane til dei tre høgskulane lenger sør. Plan a er framleis sjølvstende, plan b ein allianse med høgskulane i Molde og på Lillehammer, og heilt sist ønskjer høgskulen seg ein fusjon.

– Slik ser i alle fall mi ønskeliste ut, seier Roppen til På Høyden.

Med på møtet var Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen Stord/Haugesund og Kunst- og designhøgskolen i Bergen. (©NPK)