Diskuterer ny høgskuleallianse

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa har eit sterkt ynskje om at fleire av dei små utdanningsinstitusjonane skal slå seg saman for å få meir robuste fagmiljø.

LES OGSÅ: NTNU og tre høgskular vil slå seg saman 

Høgskulen i Volda er ein av skulane som har signalisert at dei helst vil stå åleine. Som eit mogleg alternativ har Volda sett på eit samarbeid mellom høgskulane i Møre og Romsdal og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). I Sogn og Fjordane kjempar dei framleis for å stå på eigne bein, medan Høgskulen i Ålesund har sagt seg villige til å fusjonera med NTNU i Trondheim.

I fjor åtvara kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) om at  ingen små skal stå åleine att. Fleire skular pusta difor letta ut då det vart klart at regjeringa ikkje vil tvangsfusjonera høgskulane.

LES OGSÅ: Lærarutdanning skapar trøbbel i Volda 

Vil styrka pedagogisk utdanning
I møtet mellom høgskulane i Lillehammer, Molde og Volda gjekk høgskuleleiarane gjennom kvalitetsindikatorane i sektorane og dei ulike høgskulanes produksjon i høve til dette, melder Høgskulen i Volda på sine nettsider.

Møtet konkluderte med at institusjonane gjennom ein allianse kan behalde ei sterk regional rolle, samstundes som dei kan møta utfordringar som krev stordrift på ein meir effektiv måte enn i dag. Dette gjeld særleg styrking av EU-forsking, studentutveksling, pedagogisk utdanning og ph.d.-utdanningane.

Partane tek sikte på å konkretisere innhaldet i alliansen til hausten når nye styre og rektorar er på plass.