Snikinnføring av valfritt sidemål

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Buskerud fylkeskommune har søkt om forsøk med valfritt sidemål for tredje gong. Og kunnskapsministeren er positiv, melder Dagsavisen Fremtiden

Det er oppsiktsvekkjande at eit forsøk som er så gjennomsyra av ynsket om å få sleppe nynorskundervisning får så positiv omtale frå kunnskapsministeren. I realiteten går forsøket ut på å fjerne det eine av to skriftspråk frå pensum. Endå meir oppsiktsvekkjande er det at Kunnskapsdepartementet ber Utdanningsdirektoratet om å hjelpe Buskerud fylkeskommune med å få til ein betre søknad.

LES OGSÅ: Ungdomspolitikarar: – Me forstår ikkje nynorsk

Søknaden frå Buskerud fylkeskommune vil fjerne all nynorsk frå pensum, både litteratur og språkopplæring. Det er fritak i seg sjølv som er målet med søknaden, ikkje å faktisk gjere undervisninga betre. Men kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil berre godkjenne forsøk med valfritt skriftleg sidemål.

Det er bra at kunnskapsministeren er så klår på at nynorsk sjølvsagt framleis er ein del av norskfaget og at ein ikkje berre kan stryke vekk delar av språkhistoria og litteraturhistoria vår frå pensum. Men det er uheldig at ein i Buskerud fylkeskommune, med sine 850 nynorskelevar og lange nynorsktradisjon, skal gjere nynorskkompetanse vanskelegare å få tak i.

Frå kommunalt tilsette i skular og kommunar i Buskerud vert det sagt at mangel på nynorskkompetanse i stillingar som krev slikt gjer at nynorskelevane og nynorskbrukarane får eit dårlegare tilbod enn brukarane av majoritetsspråket bokmål.

LES OGSÅ: Oslo Arbeiderpari og det pubertale nynorskhatet

Kunnskapsminsteren vil ha betre sidemålsundervisning og har lova at eit slikt arbeid skal kome. Men i staden for å søke ny kunnskap, trakkar Høgre her berre i gamle spor.

I tillegg vil Buskerud innføre eit slikt forsøk på toppen av forsøket med færre karakterar i norsk. Noregs Mållag meiner det er uheldig å innføre eit nytt forsøk oppå eit allereie eksisterande, utan at karakterforsøket er skikkeleg evaluert.

Noregs Mållag er for positive sidemålsforsøk som prøver å fornye og gjerne sidemålsundervisninga betre for elevane og lærarane. Men påpeikar samstundes at forsøk på å uthole norsk språkpolitikk ikkje er av det gode.