Regjeringa vil fornye yrkesfaga
Fem arbeidsutval skal sikre at elevane får den kompetansen som arbeidslivet treng.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
– Yrkesutdanningane vi tilbyr elevar i dag vart etablert for 20 år sidan. Mykje i arbeidsmarknaden har endra seg på den tida. No må vi fornye yrkesfaga – både for å sikre at arbeidslivet får den kompetansen som trengst, og at ungdomane får relevante jobbar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i pressemeldinga.
LES OGSÅ: No vil over halvparten gå på yrkesfag
Fem arbeidsutval
Utdanningsdirektoratet skal leia arbeidet som òg involverer partane i arbeidslivet. Fem arbeidsutval skal vurdera kompetansebehova på kort og lang sikt og gje innspel til korleis yrkesutdanninga i framtida bør sjå ut. Utvala skal avslutte arbeidet sitt innan 2017.
– Det er heilt avgjerande at partane i arbeidslivet deltek i dette arbeidet. Det vil bidra til at dei om lag 30.000 ungdomane som kvart år søkjer seg inn på yrkesfag, får ei opplæring best mogleg tilpassa behova i arbeidslivet, seier Røe Isaksen.