To av tre av Frps listetoppar i kommunane meiner kommunen deira må ta imot færre syriske flyktningar enn i fjor.

NPK-NTB
NPK-NTB

Frps listetoppar skil seg ut i Dagens Næringslivs valundersøking for 2015, der listetoppane til partia har svart på om dei meiner kommunane bør ta imot fleire syriske flyktningar enn i fjor, like mange flyktningar som i fjor, eller færre. Over 2.000 kandidatar har svart.

LES OGSÅ: Fleire kommunar vil ta imot flyktningar

Uroa for kommuneøkonomien
Frp-toppane seier ikkje berre nei til å ta imot fleire. 64 prosent av Frp-toppene meiner deira kommune bør ta imot færre syriske flyktningar enn i fjor. Å ikkje ta imot nokon i det heile, var ikkje blant svaralternativa i undersøkinga

Frp-topp i Hobøl, Håvard Jensen, vil ikkje ta imot nokon.

– Kommuneøkonomien er sundbroten, og det er også djupt urettferdig at syriske flyktningar skal få busetjing framfor alle som har sete i årevis i asylmottak, seier Jensen, listetopp for Framstegspartiet (Frp) i Hobøl.

Jensen seier han kan vere med å busetje syrarar om UDI garanterer alle kostnadene lenge etter flyktningtilskotet er utgått.

– For då kjem dei økonomiske utfordringane med familiegjenforeining. Vi er redd dette går ut over tenestetilbodet til den ordinære befolkninga i kommunen, seier han.

Jensen viser til at kommunen har vore på Robek-lista sidan 2003. Det betyr at kommunen har så dårleg økonomi at den er sett under statleg administrasjon. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03

LES OGSÅ

ANNONSE