Runar kan bli historisk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det blei SV fordi eg hadde lyst, seier Runar Søreide Skogedal. Han stiller på sjetteplass på SV si liste i Fitjar.

Me møter den unge politikaren saman med far og ordførarkandidat i same parti, Geir Tore Søreide.

– Kva tenkjer du om at du er den første i Noreg med Downs som kan bli valt inn i eit kommunestyre?

– Det er litt skummelt, seier han og smiler.

– Og tøft?

– Kanskje det? smiler han.

– Runar er flink til å ta ordet i forsamlingar og god til å snakka for det han brenn for, skryt faren hans.

LES OGSÅ: Vil ha kvinner inn i kommunestyret

Betre aktivitetstilbod
– Det er klart det blir litt prat om politikk, anten når det er oss to, eller når Runar er på tur med kompisar i skogen, seier Geir Tore Søreide.

Runar har skrive ned det han vil seia når han møter Framtida.no.

Han kjem rett frå jobben på Podlen Verkstad der han kuttar og pakkar ved til vinteren.

– SV vil jobba for oss på Fitjar, byrjar han.

– No må alle reisa til Stord og Leirvik for å jobba. Då blir me slitne, held han fram.

Kvar morgon står han opp tidleg for å nå arbeidsbussen som tar ein halv time kvar veg.

Runar Søreide Skogedal synest Podlen Verkstad burde hatt ein eigen liten avdeling på Fitjar, slik at han kunne bruka kortare tid til og frå jobb.

– SV vil jobba for fleire aktivitetar for vennene mine.

– Kva tenkjer du på, då?

– Me vil trena, gå på klubb og andre ting.

LES OGSÅ: Melder seg ut av SV i protest mot ultralydvedtak

Runar Søreide Skogedal har vener på Fitjar som han vil jobba for i politikken.

Positiv til kommunesamanslåing
– Kva tenkjer du om å slå saman Stord og Fitjar til éin kommune, slik det har vore snakk om?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Men det kan vera bra, seier Runar.

Runar har mange venner på Stord der han har gått på Stord vidaregåande og går på Måndagsklubben på Leirvik.

Elles speler Runar musikk, trener vekter, går, syklar, speler handball og er med kjærasten.

I helga drog han med fly til Oslo for å treffa kjærasten sin Matilde som bur på Fornebu.

– Om ho hadde budd i Fitjar, trur du ho hadde stemt på deg?

– Ja, det trur eg.

LES OGSÅ: Retten til liv

Fleire flyktningar
– Følgjer du med i lokalavisa Sunnhordland på kva saker som blir diskutert?

– Nei. Eg les av og til i SV-bladet. Og så les eg i Donald.

Medan faren er ute ein augneblink, spør eg om han trur faren kan bli ein bra ordførar. Då ler han, og seier: – Ja, det trur eg.

Når faren kjem inn, fortel han at det er éi sak Fitjar vil markera:

– Me vil signalisera at me vil ta i mot fleire flyktningar til kommunen.

QUIZ:Kva veit du eigentleg om SV?

Valforskar Frank Aarebrot synest det er flott at Runar Søreide Skogedal stiller til val. Foto: Andrea Nøttveit

Aarebrot: – Ikkje umogleg
Med ein sjetteplass på lista er ikkje sjansen veldig stor for at Runar Søreide Skogedal kjem inn i kommunestyret. Men det er ikkje umogleg, sidan partiet berre har éin kumulert på lista.

– Viss han får mange slengarar frå andre parti, og SV får to representantar, kan han rykkja forbi dei andre på lista som ikkje er kumulert, seier Frank Aarebrot, professor i Samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Han kjenner ikkje til andre frå Noreg med Downs som har blitt valt inn i politikken. Men han synest det er veldig bra at denne gruppa får talsmenn i politikken.

– Det følgjer logisk med den revolusjonen me har hatt med Dissimilis og så mykje som har skjedd med måten folk ser på folk med Downs syndrom. Mange som er fødd med syndromet er veldig godt fungerande, understrekar han.

LES OGSÅ: Aarebrot om eldre veljarar: – Ekle, egoistiske bandittar

– Viktig for demokratiet
Norsk Forbund for Utviklingshemma rosar Fitjar SV.

Runar Søreide Skogedal er den første med Downs syndrom som stiller til val i eit kommuneval i Noreg, ifølgje Forbundsleiar Jens Petter Gitlesen i Norsk Forbund for Utviklingshemma (NFU).

– Eg synest det er kjempefint. Det er viktig for demokratiet. Det forsvinn ofte i samfunnsdebatten, oppi alt snakket med kommunereform og effektivisering: Demokratiet handlar om å forankra prioriteringar i befolkninga.

– Det er ei tragedie at ikkje fleire funksjonshemma generelt, og utviklingshemma spesielt, er med i politikken, seier Gitlesen. Han kjenner heller ikkje til at andre nordiske land har hatt folkevalde med Downs.

Han synest det er på tide at ei gruppe som er så avhengige av samfunnet også får ta del i styringa av det.

– Fitjar SV fortener honnør for å sleppa Runar til, og eg håpar flest mogleg parti i andre kommunar er med på å få andre utviklingshemma inn i politikken.

LES OGSÅ:– BPA kan bli ein revolusjon