Berre éin av fire lærarstudentar er menn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar vel tradisjonelt

Kva unge vel å studere i 2015 er framleis svært kjønnsavhengig, melder Forsking.no.

LES OGSÅ: Vil ha fleire menn på psykologistudiet

Manglar menn i omsorg
Aller dårlegast er kjønnsfordelinga i helse- og sosialfag der berre éin av fem studentar er menn.

Sjølv om studiane retta mot barnehage, førskule og grunnskulelærarutdanning opplevde auka søkjartal i 2015, slit dei og med å lokka til seg menn.

Berre éin av fire som vel lærarutdanning er menn.

Kvinner har dei siste åra dominert høgare utdanning og i år gjekk seks av ti studieplassar til kvinner, ifølgje tal frå Samordna Opptak.

LES OGSÅ: Ønskjer fleire jenter velkomne

Likestilt økonomi
Kvinnene vel i større grad tradisjonelt mannsdominerte yrker, enn andre vegen, sjølv om realfaga framleis heng noko etter.

Berre kvar tredje som vil studere matematikk, naturvitskap eller teknologiske fag er kvinne.

På økonomifronten står det betre til med 54 prosent kvinner og 46 prosent menn er desse faga dei med jamnast kjønnsbalanse.

På juss, samfunnsfag, humanistiske og estetiske fag, var kjønnsbalansen om lag 60 prosent kvinner.