Auke i talet på nynorskbrukarar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg har dei siste åra har opplevd Europas største folkeauke, og mykje av veksten har skjedd i og rundt dei største byane. Likevel aukar delen av nordmenn som bruker nynorsk privat, ifølgje ei undersøking som Sentio Research har gjort på oppdrag frå Riksmålsforbundet.

Undersøkinga blei gjort i fjor haust, men først offentleggjort no i sommar.

Auken for nynorsk er ikkje stor i prosentpoeng, frå 7,5 prosent i 2005 til 8,4 prosent i 2014. Talet på dei som seier dei bruker nynorsk og bokmål om lag like mykje har òg auka. Det gjer at dei som skriv nynorsk i Noreg no er på 14,1 prosent av folkesetnaden, mot 13 prosent i 2005.

Det tyder at kring 592.000 nordmenn over 15 år skriv nynorsk i private samanhengar, over 100.000 fleire enn i 2005.

– Eg synest det er bra at folk at har eit medvite forhold til språk, seier formann i Riksmålsforbudet Trond Vernegg.

– Viss utviklinga med ein liten auke for nynorsken held seg år for år – er du redd for bokmålet si stilling i framtida?

– Nei, det er eg absolutt ikkje. Me har ikkje noko mot nynorsken. Eg synest det er fint at folk bruker hovudmålformene sine. Fleire burde gjera det, seier han.

LES OGSÅ: Her aukar talet på nynorskelevar mest

– Viktig melding
– Undersøkinga er ei viktig melding til alle nynorskbrukane: De er mange, og fleire enn ein skulle trudd, seier Ottar Grepstad. Han er styreleiar i Språkrådet og direktør i Nynorsk kultursentrum.

– Det viktigaste med undersøkinga er at det er eit påfallande stabilt forhold mellom nynorsk og bokmål. Eit anna viktig poeng er at undersøkinga viser at nynorsk er eit riksspråk. Det blir brukt i alle fylka i Noreg, understrekar Grepstad.

Tala viser òg at bokmålet tapar terreng i alle fylka på Vestlandet. Veksling mellom nynorsk og bokmål aukar i Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal, medan nynorsk aukar i alle fylka i vest bortsett frå Rogaland.

– At det er nesten uendra i Rogaland hadde eg ikkje trudd, seier Ottar Grepstad og viser til stor folkevekst i og rundt Stavanger.

Oslo opplever ein samla auke frå 4,7 til 8 prosent for dei som anten stort sett skriv nynorsk eller vekslar mellom målformene. Det betyr at det er 42.000 menneske over 15 år i hovudstaden som skriv nynorsk.

LES OGSÅ: Einaste nynorskelevane i Oslo: – Fordel å skriva nynorsk

Sjå fordeling mellom fylka i 2014 og 2005!

Grepstad gir Riksmålsforbundet ros for å laga ei så stor undersøking av språkstoda. På den europeiske språkdagen 26. september gir han ut «Språkfakta 2015» med undertittelen «Ei forteljing om språk i Noreg og verda gjennom 800 tabellar». Alt blir fritt tilgjengeleg på Aasentunet.no.

– Stabiliteten til nynorsken er ein logisk konsekvens av dei formelle rammene rundt skriftspråka i Noreg, og dei veldig vitale skriftkulturane me har, seier Ottar Grepstad, og legg til:

– Nynorsken har blitt spådd den sikre død sidan 1852. Det byrjar å dra ut.

LES OGSÅ: Lever lengre i nynorskland

Faktaboks

Sentio Research intervjua eit representativt utval på 4002 personar over 15 år hausten 2014. Dei fekk spørsmål om: Når du skal skriva i private samanhengar, nyttar du då som regel nynorsk, som regel riksmål/bokmål eller begge former om lag like mykje?

Dette svara dei spurte:

Nynorsk: 8,4 %
Begge: 5,7 %
Bokmål: 85,8 %

I 2005 var tala:

Nynorsk: 7,5 %
Begge: 5,5 %
Bokmål: 86,3 %

Feilmarginen med ei 90/10-fordeling er på 0,9 prosent.

Les meir om undersøkinga her!