Sjukehusaksjonistar samla seg onsdag framfor Stortinget for å skape blest om parolen «Ja til fullverdige akuttsjukehus».

NPK-Benedikte Grov
NPK-Benedikte Grov

Sjukehusnamn frå mange stader i Noreg stod skrivne på plakatar aksjonistane heldt opp framfor Stortinget. Akuttkirurgisk beredskap ved norske lokalsjukehus og fjerning av helseføretaksmodellen var nokre av kampsakene nettverket fronta under demonstrasjonen.

Koordinator Bente Øien Hauge i Folkebevegelsen for lokalsykehusene, som tok initiativ til arrangementet, viste til at folk hadde kome frå rundt om i heile landet for å delta.

– Mange stader har mista både sjukehus og funksjonar, men vi står framleis sterkt samla i krava våre. Stopp sentraliseringa, stopp nedbygginga av sjukehusa våre, legg ned helseføretaka og ta det politiske ansvaret for helsetilbodet vårt tilbake. Og sørg for å gjenoppbyggje og styrkje lokalsjukehusa våre, så befolkninga og tilsette kan vere trygge på framtida, sa Øien Hauge mellom anna i sitt innlegg.

LES OGSÅ: Overleving varierer mellom sjukehusa

Nasjonal plan
Til hausten skal helseminister Bent Høie (H) leggje fram ein nasjonal helse- og sjukehusplan. Han har tidlegare lufta eit forslag der berre sjukehus med eit befolkningsgrunnlag på 60.000– 80.000 personar skal ha akuttkirurgi døgnet rundt. Skulle det bli realitet, inneber det at halvparten av norske sjukehus er for små til å ha eit slikt tilbod.

I innlegget sitt peikte Øien Hauge på at brannen som oppstod i Gudvangatunnelen nyleg var ei påminning om at lokal beredskap er viktig når dramatiske hendingar skjer i Distrikts-Noreg.

– Det nyttar ikkje med høgspesialisert behandling sentralt om pasienten døyr på vegen dit, sa Øien Hauge.

LES OGSÅ: Eldre i distrikta står lenger i helsekø

Vil ha helseforvaltningslov
Å fjerne helseføretaksmodellen er eit anna ønske frå Folkebevegelsen for lokalsykehusene. Det tok også Senterparti-politikar og medlem av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget Kjersti Toppe til orde for. Ho viste til at ho og partiet vil erstatte helseføretakslova med ei helseforvaltningslov med folkevald styring. Sp-politikaren la vekt på lokalt leiarskap ved sjukehus.

– Når sjukehus får lokal leiing, blir det i alle fall langt vanskelegare for statsrådar og andre å ribbe sjukehusa for viktige funksjonar som gir befolkninga tryggleik. Derfor må vi igjen reise kravet om stadleg leiing ved alle sjukehus, sa Toppe.

LES OGSÅ: Fleire innlagt når sjukehuset er nært

Ikkje imot endringar
Leiar i Fagforbundet, Mette Nord, viste til at forbundet ikkje er imot endringar av funksjonar og innehald i sjukehusstrukturen, men trur ikkje sentralisering er løysinga på «morgondagens utfordringar». Nord viste til at Noreg har særskilde utfordringar knytte til geografi, demografi og vêr, noko fleire episodar dei seinare åra har vist.

– Dei fleste av oss ser verdien av at innbyggjarane bur og bruker heile landet. . Då vi må også ha ein infrastruktur som dekkjer behova til innbyggjarane, inklusive sjukehustenester med akuttberedskap der folk bur og lever liva sine, både i fritid, men også i arbeid, sa ho mellom anna.

Bjørn Sverre Sæberg Birkeland frå Kommunenes interesseforeining for lokalsykehus (KIL), Sven Erik Gisvold frå Helsetjenesteaksjonen, barnelege ved Kristiansund sjukehus Anna Owczarz, Are Saastad frå Aker sjukehus venner og akuttlege Mads Gilbert heldt også innlegg under demonstrasjonen onsdag. (©NPK)

LES OGSÅ: Høie vil finne ut kva eit sjukehus er

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.03
ANNONSE