Overlevinga varierer mellom sjukehusa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dør oftare på desse sjukehusa

Det viser ein rapport frå Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta, som blei offentleggjort torsdag.

Delen pasientar med hjarteinfarkt som var i live 30 dagar etter innlegging i fjor, varierte med drygt 7 prosentdelar mellom sjukehuset i Tromsø (91,2 prosent) og sjukehuset i Kristiansund (83,79).

Ved hjerneslag var skilnaden på 4 prosentdelar mellom sjukehuset i Levanger (88,7 prosent) og Gjøvik (84,5 prosent).

– Skilnadane i overlevinga mellom sjukehusa var mindre i 2013 enn året før, då variasjonsbreidden ved hjarteinfarkt var på ti prosentdelar, mens den var seks prosentdelar ved hjerneslag, seier seksjonsleiar Jon Helgeland.

Han seier likevel at det er ganske stor uvisse knytt til tala.

OECD-samanlikning
Totalt døydde 12 prosent av hjerteinfarktpasientene og 13,6 prosent av dei som fikk slag. Av hoftebrotpasientane døydde 8,7 prosent. Den såkalla totaloverføringa, som viser til kor mange som overlever ei samling andre sjukdommar, var på 5,1 prosent.

– Resultata frå Noreg er svært gode samanlikna med andre OECD-land, strekar Helgeland under.

Overleving blir brukt som indikasjon på kvaliteten i helsestellet. Men dei er ikkje eit direkte mål på kvalitet, påpeiker Helgeland.

Ni sjukehus har alt i alt signifikant lågare overlevinga enn gjennomsnittet, mens fem har høgare.

LES OGSÅ: – Farlegare å leva i distrikta

Region-samanlikning
Skilnadane mellom helseregionane er små, ifølgje rapporten. Men det går fram at Helse sør-aust ikkje har like høg prosentdel på overleving som gjennomsnittet både når det gjeld hjerneslag, hoftebrot, og totaloverleving

Rapporten tar også for seg delen pasientar som blir lagt inn på nytt innan 30 dagar etter førre sjukehusopphald. Sannsynet for å hamne på sjukehus på nytt, varierer mellom 12 og 18 prosent mellom ulike sjukehus. (©NPK)

Faktaboks

Sjukehusføretaka med høgast overleving:

Haraldsplass
Førde
SiV
Møre og Romsdal
OUS

Sjukehusføretaka med lågast overleving:

Ahus
Sørlandet
Innlandet
Østfold
Telemark