«Vaffelhjarte»-skodespelarar saman att

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saman på scena igjen

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.

Det seier Preben Hodneland (29) frå Lindås og Julia Bache-Wiig (30) frå Gulen. Dei to skodespelarane stod også på scena saman i «Vaffelhjarte», som vart ein stor suksess på DNS hausten 2014.

LES OGSÅ: Storsatsing på «Vaffelhjarte» som teater

Ikkje lei av kvarandre
– Vi har spelt 116 førestillingar saman, og no vert det enda fleire til hausten. Det er veldig kjekt å spela saman, seier dei to, og seier dei på inga måte har vorte lei av å vera kollegaer.

– Det er spanande å spela saman med Preben, vi har vorte godt kjent. Håper vi får spela meir saman i framtida, seier Julia, som var å sjå i TV2 sin kriminalserie «Frikjent» i vinter.

LES OGSÅ: «Frikjent» vil  visa moderne bygdeliv

Speler tvillingar
Julia og Preben skal ha hovudrollane i «Forbrent», og speler tvillingparet Simon og Janine. Teaterstykket handlar om ei mor, som lèt etter seg tvillingane kvart sitt testament. Tvillingane veit at mora deira har vore gjennom gruoppvekkjande hendingar; ho krigen, men har ikkje snakka på 5 år.

LES OGSÅ: Fosse kritiserer Den Nationale Scene

– Bra tematikk
– Eg synest det beste med heile stykket er tematikken. Stykket tar for seg ein konflikt som er framand for mange, og eg synest det er flott at nokon tør å laga eit moderne stykke av eit alvorleg tema, seier Preben, som også er aktuell på kino- lerretet denne hausten, kor han er skodespelar i dramafilmen «Alt det vakre», som vart spelt inn førre sommar.

På nyåret flyttar Preben til Oslo for å spela på det Norske Teateret.

– Eg er ein rastlaus person som liker å flytta på meg, så eg gler meg til nye utfordringar i Oslo.

Før han reiser til Oslo, skal han også spela i «Hellemyrsfolket» på DNS.


Heile ensemblet i «Forbrent». Foto: Ole Friele Jr.