Jazzar med skrikande ungar i Frongnerparken

– Læraren måtte hysja, som er heilt fantastisk å høyra, det gjer at ein får lyst til å spela endå meir, seier skodespelstudent Lukas Anvik.

Magnus Rotevatn
Publisert

– Nokre barn kjem løpande opp på scenen, og så er det kids som ropar under framsyninga, sånn «nei!» eller «han er bak deg!», seier Flo Fagerli.

Saman med resten av andreklassingane på Teaterhøgskolen har ho sette opp Den lille prinsen som teaterstykke i eit telt i Frognerparken.

Framtida.no møter Fagerli saman med to andre skodespelstudentar, Lukas Anvik og Mahad Said Hassan, i pausen mellom to framsyningar.

Flo Fagerli | Foto: Magnus Rotevatn

Ansvar for alt saman

– Sommarteateret er ein 52 år gamal tradisjon, kor studentane på Teaterhøgskolen set opp teater for born og familiar sommaren før tredje klasse, seier Hassan.

Mahad Said Hassan | Foto: Magnus Rotevatn

– Me har ansvar for absolutt alt av det tekniske, logistiske og økonomiske, samstundes som me også er skodespelarar, seier Anvik.

Skodespelstudentane fortel at dei også måtte tilsetja ein regissør sjølv.

– Me hadde 18 intervju, alle saman var superdyktige, seier Fagerli.

Valet falt til slutt ned på Lasse Lilleng.

– Han var så utruleg glad i forteljinga, og den gleda smitta over på oss alle. Det var tydeleg at han ynskte å utvikla dette i lag med oss, seier Hassan.

Vanskeleg å dramatisera

Skodespelarane forklarar at Den lille prinsen handlar om ein pilot som krasjlandar i ein ørken kor han møter ein liten prins.

– Prinsen reiser frå planet til planet på jakt etter ein ven, seier Hassan.

Teaterstykket tek utgangspunkt i boka med same namn av Antoine de Saint-Exupéry.

– I boka fortel prinsen om dette og piloten høyrer på, men i vår versjon blir piloten på ein måte med på reisa og er ein slags hjelpar i desse draumeaktige attforteljande episodane, seier Anvik.

– Det er ei bok som har vore vanskeleg å dramatisera, fordi ho er såpass filosofisk og dramaturgisk kompleks,  seier Fagerli.

Ynskjer å inkludera alle

– Det aller beste har vore å inkludera kids og læra seg å jazza med ungar som skrik og ropar, seier Hassan.

Skodespelarane ynskjer at alle som kjem til sirkusteltet, skal kjenna seg inkludert.

– Det føler eg me får til når me improviserer litt her og der, nok til at me set kvarandre ut, sånn at man er observant på kva som skjer i rommet og får med seg heile gjengen, ikkje berre oss på scena, seier Anvik.

Lukas Anvik | Foto: Magnus Rotevatn

Fagerli fortel at det alltid er barn som kjem ut av teltet med open munn og eit andlet som seier «hæ».

– Dei er liksom framleis inne i fantasiverda. No nettopp var det nokre som kom opp og hoppa på trampolinen og var kjempegira på halda fram, seier Fagerli.

Skodespelarane har blitt fortalde om ungar som syng songar frå framsyninga høgt på T-bana.

– Læraren måtte hysja. Det er heilt fantastisk å høyra, det gjer at ein får lyst til å spela endå meir, seier Anvik.