Storsatsing på «Vaffelhjarte» som teater

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Storsatsing på «Vaffelhjarte»

Den Nationale Scene i Bergen og Sogn og Fjordane Teater har gått saman om å laga teater av boka til Maria Parr «Vaffelhjarte». Til våren skal stykket visast for alle elevane i barneskulen i Fjordfylket.

Framsyninga har premiere på Den Nationale Scene 10. oktober, og neste år legg framsyninga ut på turne i nabofylket. Turneen er eit samarbeid med Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane og er den mest omfattande turneen DKS nokon gong har gjennomført i fylket.

– Vi skal så og seia støvsuga grunnskulane i heile fylket. Til saman skal framsyninga visast for nærmare 10.000 barn, seier teatersjef Terje Lyngstad til Nynorsk pressekontor.

Det betyr at stykket berre har ei eller to opne framsyningar.

– Den eine blir i Førdehuset og anden andre i Vanylven der Maria Parr kjem frå, seier han.

– Annleis enn TV-serien

Stykket handlar om dei to bestevennene Trille og Lena i den vesle bygda Knert-Mathilde. Mange kjenner den muntre og rørande historia frå før både gjennom boka til Maria Parr – og gjennom barne TV, der serien no blir send for andre gong.

Teatersjef Terje Lyngstad seier likevel at teaterframsyninga blir svært ulik TV-serien.

– Jesper Halle som har dramatisert framsyninga, har valt heilt andre løysingar, men framsyninga tek sjølvsagt vare på grunnhistoria og handlinga i den rørande historia, seier Lyngstad.

Skodespelarane Preben Hodneland og Sulekha Ali Omar har rollene som dei to bestevennene i teaterframsyninga.

Møte med Parr

Boka Vaffelhjarte er seld til 24 land og omsett til 21 språk. Maria Parr har også gjort stor internasjonal suksess med den andre boka si Tonje Glimmerdal. Berre Jo Nesbø og Doktor Proktor-bøkene er meir populære. Det Norske Teatret samla i fjor fulle hus då dei sette opp Tonje Glimmerdal som teater.

Torsdag 11. september kan lærarar i Sogn og Fjordane få møta suksessforfattaren. Då samlar Den kulturelle skulesekken over femti lærarar frå heile fylket til konferanse. Der blir det bokbad med Maria Parr og meir informasjon om teaterframsyninga Vaffelhjarte. (©NPK)

Gå til samlesidene våre om teater!