«Frikjent» vil visa moderne bygdeliv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Frikjent» har premiere i kveld

Seriar og filmar spelt inn i bygdemiljø er kjende for å skildre originalar og einstøingar. Det seier kvinna bak ideen til tv-serien Siv Rajendram Eliassen at dei bevisst har unngått å gjere i «Frikjent».

– Saman med regissør Geir Henning Hopland, har vi vore opptekne av å lage ein realistisk serie og har villa skape eit truverdig bilde av moderne norsk bygdeliv, slår ho fast. Men ho seier også at dei har ønskt å skape ei typisk vestlandsbygd – som er både vakker og trong på same tid.

LES OGSÅ: Eskil har gjort Årdalsnaturen verdskjend

For godt vêr
– Forskjellen på ein godvêrsdag og ein regnfull dag kan vere enorm på ein slikt stad. Dei høge fjella gjer at bygder som fiktive Lifjord fort kan få noko knugande over seg. Vi ville bruke desse kontrastane, så for oss vart det faktisk eit problem at sommaren 2014 var så bra. Vi skulle jo filme regn og tåke, ler Rajendam Eliassen – og legg til:

– Dermed fekk vi kanskje ikkje heilt til den trykkjande stemninga vi var på jakt etter. Men det har vorte utruleg vakkert! Då vi viste nokre episodar for tilsette i det engelske distribusjonsselskapet vårt, var responsen at dei aldri hadde sett ein så grøn serie frå eit nordisk land. Tenk på seriar som «Broen» og «Forbrytelsen»: Der går det meste føre seg i dunkelt lys med grå bygningar og asfalt som kulissar.

LES OGSÅ: – Eg håpar ikkje Obama er inspirert av Frank Underwood

Inspirert av drapssak
Nicolai Cleve Broch har hovudrolla i «Frikjent» som har premiere 2. mars på TV 2. Og det var hendingar frå verkelegheita som i si tid sette Siv Rajendram Eliassen på sporet av plottet, fortel ho til NTB:

– Eg vart interessert i dilemmaa og tvilen rundt Brigitte Tengs-saka. Også den sterke trongen til den mistenkte fetteren for å komme tilbake og bli reinvaska var noko eg tenkte mykje på. For kvifor er det eigentleg så viktig kva folk og bygd tenkjer om deg? Det kan nesten verke som om det å bli reinvaska og trudd er eit eksistensielt behov vi menneske har.

Rajendram Eliassen fortel at det gjekk 10– 12 år frå ho fekk ideen til «Frikjent» til ho begynte å utvikle manuset saman med Anne Bache-Wiig. Og ho strekar under at det har vorte ein hundre prosent oppdikta og fiktiv serie. Ho nemner «Twin Peaks» som ei stor inspirasjonskjelde, medan nyare seriar som «Top of the Lake», «Broadchurch», «Fargo» og «True Detective» har vore viktige referansar under utviklinga.

– Vi har skapt eit såkalla mysteriedrama. Det viktigaste her er å utforske korleis menneske blir prega av dramatiske hendingar. I «Frikjent» er ei heil bygd framleis prega av eit tjue år                                 gammalt drap, seier ho.

LES OGSÅ: TV2 tek sjølvkritikk for reklameblemme

Oppklaring
I serien har Aksel (Cleve Broch) gjort eit forsøk på å legge fortida bak seg. Han vart mistenkt, men seinare frikjent, for drapet på ungdomskjærasten Karine. Sidan har han klart å slå seg opp som finansmann i Asia. Men når han blir bedt om å komme heim for å redde den konkurstrua hjørnesteinsbedrifta i heimbygda, klarer han ikkje å seie nei. Sjølv om bedrifta er eigd av mor til Karine – ei kvinne som framleis mistenkjer Aksel for drapet.

– No blir dei knytte saman i eit skjebnefellesskap og eit avhengnadsforhold. Aksel er den einaste som kan redde bedrifta, men ho ser framleis på han som drapsmannen til dottera. Heile bygda må ta stilling til skuldspørsmålet på nytt når Aksel kjem heim igjen, seier Rajendram Eliassen, som lovar ei skikkeleg oppklaring.

– Det skulder vi folk dersom dei set av ti timar til å følgje med, meiner ho. Men understrekar at det ikkje blir noko politijakt.

– Det er snarare Aksels eige behov for oppreising som driv handlinga framover og tvingar han til å avdekkje meir og meir av kva som eigentleg skjedde den gongen for tjue år sidan.

Rajendam Eliassen håpar på stor sjåaroppslutning på heimefronten, og på at serien også skal finne vegen til TV-skjermar langt utanfor landegrensene.

– Så langt er serien selt til Danmark, Sverige og til Benelux-landa, fortel manusforfattaren til NTB. (©NPK)

LES OGSÅ: Jo Nesbø populær i USA