– Livskvalitet handlar ikkje om forbruk

Tora Hope
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Treng store system-endringar

Sjølv midt på ein vanleg kvardag i juni yrer det av liv i Åsane utanfor Bergen. Kjøkenmaskiner og joggesko på sal. IKEA rett rundt hjørnet, og bussar i skytteltrafikk inn til byen. Midt i shoppingmekkaet sit ein prest og snakkar om kvifor vi må minka forbruket.

Prest, bloggar og tobarnsfar Steinar Sneås Skauge sit i styret i Miljøpartiet Dei Grøne Lindås. Han trur ikkje lågare forbruk går utover livskvalitet. Heller tvert om.

Andre verdiar enn shopping
– Vi vil kunne løyse veldig mykje med teknologi, men vi må også legge om vanar, seier Steinar.

Rundt oss slår slitne handlarar seg ned med kaffi og bollar. Ifølgje Cicero har forbruksnivået vårt passert jordas toleevne med meir enn 50 prosent. Likevel handlar vi som aldri før.

LES OGSÅ: Klimaforskaren som ikkje flyr

Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) rapporterte nyleg at avmaktskjensla blant nordmenn aukar i klima- og miljøspørsmål. Vi trur meir på at ny teknologi vil redde oss og mindre på å kutte vårt eige forbruk, særleg av kjøt og flyreiser.

Miljøpartiet har tidlegare kritisert at regjeringa legg opp til å tredoble gjennomsnittsnordmannens reelle kjøpekraft innan 2060.

– Å redusere forbruket handlar ikkje om å redusere livskvaliteten. Heller tvert om, det er sunnare og betre. Vi treng ikkje fire langhelger i storbyar i året, og vi kan reparere saker i staden for å kjøpe nytt. Mange små val gjer ein skilnad, men det viktigaste er kanskje bevisstgjeringa som følgjer med å ta slike val.  

For Steinar handlar det om at vala våre påverkar andre menneske. Det er eit ansvar han ønskjer vi skal ta innover oss, og som inneber både større og mindre endringar.

– Vi må slutte å måle utvikling i samfunnet berre som vekst i forbruk. Vi har mange andre viktige verdiar, knytt til natur, kulturliv og fritid. Samstundes treng vi også store systemendringar, som i korleis skattesystemet legg til rette for produksjon av fossil energi, kva lover og reglar som gjeld for utslepp, og kva rolle oljen spelar i verdsmaskineriet.

LES OGSÅ:Du reddar ikkje verda uansett

Til kjerna av kristen etikk
I Hordaland vil innbyggjarane i 22 kommunar få moglegheit til å stemme på Miljøpartiet Dei Grøne i kommunevalet. Avisa Dagenhar tidlegare skrive om at mange prestar og andre kyrkjefolk har gått til MDG i Hordaland. Det har vekt nokre reaksjonar, mellom anna frå KrF-ar Torill Selsvold Nyborg, som i 2013 kritiserte prestar som er med i MDG for å vere med i eit parti som «sterkt devaluerer dei kristne verdiane landet vårt byggjer på».

Steinar meiner klimakrisa går til kjerna av kristen etikk.

– I kristen teologi skal mennesket forvalte det Gud har skapt. Ikkje berre øydelegg vi det i dag, men vi gjer uoppretteleg skade. Artar forsvinn og livsgrunnlag forsvinn. Klimaendringane vil føre til meir tørke og svalt. Vi påfører andre menneske lidingar. Det strir mot kristne ideal om menneskeverd og nestekjærleik.

LES OGSÅ:Ordførarane kan ta styringa i klimakampen

Han er far til to born på 2 og 4 år, som han håpar veks opp i ei anna røynd enn i dag.

– Eg håpar dei slepp å høyre at den siste isbjørnen har døydd ut, og at dei heller kan sjå dagsaktuelle naturprogram om at isbjørnstammen tek seg opp att.

Stengde bedrifter
Det er ikkje berre konsekvensar langt vekke og for andre artar presten og politikaren fryktar. Steinar er også engsteleg for at klimaendringane vil innebere arbeidsløyse i Nordhordland der han høyrer heime. Statoils oljeraffineri på Mongstad og Mongstadbase, som er Noregs største forsyningsbase, er viktige bedrifter i området.

Ikkje minst er Mongstad kjend for Stoltenbergregjeringas «månelanding», dei no kasserte planane om eit fullskala CO2-reinseanlegg i industriområdet.

– Oljenæringa er ikkje berekraftig og kan ikkje halde fram som før. Næringslivet i min heimkommune er heilt avhengig av denne næringa, og om vi ikkje klarer å leggje om er eg redd konsekvensane vil verte ille. Klimaendringane i seg sjølve vil sjølvsagt ikkje stenge bedrifter, men politiske vedtak og endra etterspurnad som er drive av klimaendringane vil kunne gjere det, seier han.

LES OGSÅ:Om klimaendringar – og rosa fly

Det var først då regjeringa gav Statoil løyve  til å byggje gasskraftverket på Mongstad i 2006 at han verkeleg vart sint, og byrja engasjere seg aktivt i klimasaka.

– Eg forstod at månelandinga var sprøyt og var rasande fordi kunnskapen om klimaendringane ikkje vart teke på alvor.

Fakta

Fram mot lokalvalet vil Framtida.no skriva om det grøne skiftet frå oljealderen til eit berekraftig samfunn. I møte med desse spørsmåla bør alle ha ei røyst. Difor treng me også synspunkta dine om kva løysingar som kan finnast i det grøne skiftet. Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

For innspel: Ta kontakt på tips@framtida.no